Heim Nyhende – God idé å leggje språksamlingane til UiB

– God idé å leggje språksamlingane til UiB

Nynorsk kultursentrum og ei eiga ordboksgruppe har foreslått å gi Universitetet i Bergen ansvaret for språksamlingane og Norsk ordbok. Det meiner UiB-rektoren er ein god idé.

 

Etter at Universitetet i Oslo i sommar sa frå seg ansvaret for Norsk ordbok og språksamlingane tok direktør for Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad initiativ til å danne ei ordboksgruppe med representantar frå mellom anna UiB, Høgskulen i Volda og Samlaget. Nyleg sende gruppa eit forslag til Kulturdepartementet der ansvaret for både ordboka og samlingane blir lagt til Universitetet i Bergen.

– Eg skjønar det slik at både språksamlingane og ordboka passar inn i fagprofilen miljøet ved UiB og HF har, og då synest eg at dette er ein utmerkt idé, seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Alternativt har gruppa presentert er ei delt løysing, der UiB har ansvaret for språksamlingane og Høgskulen i Volda er ansvarlege for Norsk Ordbok. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...