Heim Nyhende Nynorskpraktikantar frå fire fylke

Nynorskpraktikantar frå fire fylke

Stortinget seier ja til vidare drift for Nynorsk avissenter, og praktikantar frå fire fylke er klar for intensiv opplæring i journalistikk på nyåret.

 

Hallgeir Berge (30) frå Strandebarm i Hardanger, busett i Bergen, er eit kjent fjes for fleire. Mot alle odds overlevde han ein kollisjon i Gudvangatunnelen i 2003. Ansiktet vart knust, men Hallgeir har kjempa seg tilbake, dokumentert i filmen «Lykkens ansikt». Han har bachelorgrad i filosofi og har studert spansk, portugisisk og engelsk. Hallgeir er spaltist i lokalavisa Hordaland Folkeblad. No vil han lære meir journalistikk og bruke kunnskapen til å tale dei svake si sak.

Tove Elise Thue Dale (30) frå Ålesund har mastergrad i utviklingsstudium frå London. Ho voks opp i Ørsta. Tove Elise har også lært arabisk i Kairo og teke Midtausten-studiar, og ho har budd og arbeidd med base i Dubai der ho var flyvertinne i Emirates Airlines. Sidan april har ho vore heime med bestemor si i Ålesund for å avlaste familien, i tillegg til å jobbe som lærar.

– Kvar einaste dag ser eg historier eg vil fortelje, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og eg drøymer om å drive med undersøkande journalistikk, seier Tove Elise.

Ingvild Rørtveit Myklebust (21) kjem frå Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland. Ho er nesten ferdig med bachelorstudiet i statsvitskap ved Universitet i Stavanger, men utset siste halvåret for å lære meir journalistikk. Ingvild har vore frilansar for lokalavisa Tysvær Bygdeblad sidan ho var 15 år. På fritida spelar ho fotball og arbeider med konfirmantar i Randaberg kyrkjelyd. Ho synest det er givande å møte menneske i ulike samanhengar og formidle noko som er viktig og interessant til andre.

Åsta Urdal (27) frå Vassenden i Jølster har studert film og fjernsyn med fordjuping i regissering av dokumentarfilm ved Nordisk institutt for scene og studio. Ho har assistert ved ulike produksjonar i NRK, og ho har arbeidd i produksjonsselskapet Monster med å plukke ut kandidatar og drive undersøking til dokumentarserien «Datoen» som vert vist på nyåret. Åsta har lært teknikk, forteljing og produksjon, men ho saknar journalistikken som verktøy for å kunne fortelje dei gode og viktige historiene.

Nynorsk avissenter (NA) vart etablert av avisa Firda i Førde i 2013, som eit nasjonalt prosjekt. NA lærer opp åtte journalistar kvart år – personar med ei anna utdanning i botn. Formålet er å styrkje dei 59 nynorskavisene i Norge som treng fagleg sterke journalistar med høg digital kompetanse.

Opplæringa går over seks månader, med fire månader praksis i Norges største nynorskavis og deretter to månader utplassering i ein sjølvvald redaksjon. Praktikantane får i tillegg over 20 førelesingar om språk, presseetikk og journalistisk metode.

Fram til årsskiftet er NA finansiert med offentlege og private midlar frå fleire kjelder. I statsbudsjettet for 2015 har NA fått eit driftstilskot på 2,2 millionar kroner. Avisa Firda er vertskap og klasserom for avissenteret og stiller opp med 600.000 kroner.

Nynorsk avissenter vert no gjort om til ei stifting, med Firda som stiftar og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som medstiftarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...