Heim Nyhende Frp sikrar tilskot til LNK

Frp sikrar tilskot til LNK

Kommunalkomiteen på Stortinget ber om at nynorsken ikkje blir skadelidande som eit resultat av kommunereforma og sikrar at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) får statstilskot likevel.

 

Etter initiativ frå leiar i Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), får Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) likevel halda på statsstøtta på 1,1 millionar kroner. Det skjer gjennom eit samarbeid mellom Frp, Høgre, KrF og Venstre i Kommunalkomiteen.

I framlegget til statsbudsjett kutta Kulturdepartementet støtta heilt.

– No er me letta og veldig glade. Eg er glad for at komiteen understrekar kor viktig arbeidet vårt er, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK. Han rosar komitéleiar Njåstad for å ha tatt utfordringa på strak arm.

Kutt i statsstøtta ville gått hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion – i tillegg til språkkurs og anna nynorskarbeid retta mot dei 124 medlemene i organisasjonen. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Då partia la fram sine alternative budsjett tidlegare i haust, var det berre Venstre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet som hadde lagt inn pengar til LNK. Dei to siste partia gjekk jamvel inn for ein auke i støtte.

– Eit viktig samarbeidsorgan

Då komiteen handsama kommuneproposisjonen for 2015 sa dei:

«Komiteen merker seg at regjeringa er opptatt av samisk språk og vil vektleggja at samiske språkbrukarar ikkje skal koma dårlegare ut som følgja av endringar i kommuneinndelinga. Komiteen ber også om at forholdet til nynorsk som målform får same fokus, slik at nynorsk som målform ikkje vert skadelidande som resultat av reforma.»

– Dette vart innfallsvinkelen for å finna ei løysing for LNK, fortel Helge André Njåstad.

– LNK har vore eit viktig samarbeidsorgan for nynorsk- og språkdelte kommunar, og når dei såg ut til å mista statstilskottet måtte me finna ei løysing for å ta vare på denne overbygningen. Med Kommunereforma for døra har kommunane store utfordringar framfor seg – også når det gjeld språk. Difor vert tilskotet gjeve over Kommunaldepartementet sitt budsjett og det blir stilt som vilkår at LNK også må bidra i arbeidet med reforma, for å ta vare på nynorsken inn i ei ny tid, fortel Njåstad.

– Eg har sjølv vore ordførar i 10 år i ein medlemskommune i LNK, og kjenner godt til arbeidet til organisasjonen. Når me les rapporten Noregs Mållag har utarbeidd om nynorsken sine kår gjennom tidlegare kommunesamanslåingar vil det vera viktig at LNK kan bidra til kommunereformprosessen, slik at Kommunalkomiteen sitt ynskje om å ta vare på nynorsken vert sett på dagsorden, seier Njåstad.

Samla nynorskkrav

Nynorsk forum, som er eit samarbeidsorgan for tjue nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter, prioriterte arbeidet til LNK på topp i sine innspel til statsbudsjettet, og ønskte å utvida tilskotet til 1,8 millionar for å sikra føreseielege rammer for den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, som blir driven av LNK. Framtida.no får ikkje direkte statsstøtte, og er avhengig av prosjektstøtte frå blant andre LNK. Nettavisa får stadig fleire lesarar, og når no nær 10.000 unike brukarar i veka.

– Framtida.no er viktig for at norsk ungdom skal få møta nynorsk i kvardagen. Me vil jobba vidare for å gi denne nynorske suksesshistoria ei føreseielege framtid, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

 

Utdrag frå innstillinga til budsjettet frå komiteen:

Komiteens medlemmar frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre legg vekt på at omsynet til nynorsk språk skal takast vare på i arbeidet med kommunereforma. Desse medlemmar legg til grunn at 1,1 mill kr av løyvinga til prosjektskjønn over kap 571 post 64 vert løyvd til Landssamanslutninga av nynorskkommunar for å bidra til dette arbeidet.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Jan Olav Fretland er kurshaldar for komande kurshaldarar i kurset På sakslista. Foto: Samlaget og montasje

Kurs: Vil du bidra til å gjera kommunane betre på klarspråk og nynorsk?

Velkommen til kurs! Me skal bruka to dagar på å gå gjennom viktige reglar og råd for den som skal kursa offentleg tilsette. Hovudmålet med...

Lanserer ny og betre nettside for nynorske bøker

Nettsida nynorskbok.no er blitt oppgradert slik at det skal verte enklare å få oversikt over gode bøker på nynorsk. Nynorskbok.no er eit tilbod frå...

Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking 

Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i  Noregs forskingsråd. Ibsen og Bjørnson opna den...

Ottar Grepstad med ny bok om bøker

Forfattar Ottar Grepstad kjem med boka Bokhistorier om bok- og forlagshistorie. – Bokhistorier er eit essayistisk og leksikalsk overflodshorn om bøker, forlag og forfattarar i...