Heim Nyhende Har delt ut 26 millionar til biblioteksutvikling

Har delt ut 26 millionar til biblioteksutvikling

Nasjonalbiblioteket har løyvd 26 millionar kroner til utviklingsprosjekt i 90 norske bibliotek, og fleire millionar er i kjømda.

 

Regjeringa auka i statsbudsjettet for 2015 stønaden til biblioteksutvikling med 20 millionar kroner til 48,5 millionar kroner som kjem frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Det er Nasjonalbiblioteket som fordeler pengane.

No er altså 26 av millionane fordelte på 90 av biblioteka som har søkt om stønad til arbeid med tenesteutvikling, formidling og å gjera biblioteket til arena for læring, debatt og offentleg samtale.

– I handsaminga av søknadene har me sett at det går føre seg mykje spanande utviklingsarbeid i norske bibliotek. Dette vil bidra til å gje folket eit endå betre bibliotekstilbod, seier Svein Arne Tinnesand i Nasjonalbiblioteket.

Både store og små bibliotek har fått stønad til ulike prosjekt. Til dømes har Universitetsbiblioteket i Bergen fått 500.000 kroner til prosjektet Skeivt arkiv og kompetansesenter, som skal forvalta materiale som dokumenterer historia om lesbiske og homofile sin situasjon i Noreg. Odda bibliotek har på si side fått 40.000 kroner til prosjektet «Små føter inn i biblioteket» og Høyanger bibliotek har fått 75.000 kroner til prosjektet «Fortida for framtida» (©NPK).

Sjå lista over tildelingar her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...