Heim Nyhende NHO går for store bykommunar

NHO går for store bykommunar

Går inn for å gjera dei store byane endå større.

 

– Me må skapa nye slagkraftige bykommunar alle stader i landet der byar og omland har vakse saman til felles bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier NHO-sjef Kristin Skogen Lund.

NHO vil setja likskapsteikn mellom eit byområde og éin kommune. Alt etter korleis ein definerer reisetid og pendlingsomfang, så meiner NHO at Noreg kan sitja igjen med berre rundt 100 kommunar.

– Næringslivet bryr seg ikkje om grenser. Dei bryr seg om effektivitet, arbeidskraft og marknader, seier Skogen Lund i ei pressemelding.

I dag er det 428 kommunar i Noreg, og kommunestrukturen har stort sett vore uendra sidan 60-talet. Samstundes har oppgåvene auka i omfang, spesialiseringsgrad og kompleksitet.

– NHO meiner at det som må bli gjort er å la bu- og arbeidsmarknadsregionar utgjera det geografiske grunnprinsippet i kommunereforma, held Skogen Lund fram.

Om NHO får viljen sin, vil Bergen eta opp Askøy, Øygarden, Fjell, Sund, Austevoll, Os, Osterøy, Samnanger, Fusa og Vaksdal. Stavanger vil òg omfatta det som i dag er Sandnes, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Finnøy og Rennesøy.

Her kan du sjå korleis NHO har teikna kommunekartet rundt Stavanger:

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...