Heim Nyhende Her aukar talet på nynorskelevar mest

Her aukar talet på nynorskelevar mest

Størst samla auke i Sør-Rogaland.

 

76.679 elevar i grunnskulen har nynorsk som hovudmål dette skuleåret. Dette er ein nedgang på 298 samanlikna med fjoråret, ifølgje ferske tal frå Utdanningsdirektoratet. Talet på bokmålselevar er 537.451 i år.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

I kommunane sør for Sandnes har talet på nynorskelevar gått opp med 117 sidan førre skuleår.

Størst auke er det i Hå kommune der talet på elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen har gått opp med 78. Kommunen opplever ein stor folkevekst, men ulikt fleire andre vekstkommunar utanfor Stavanger og Bergen er veksten i talet på nynorskelevar større enn talet på bokmålselevar.

– Dette er jo veldig gledeleg, seier Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland mållag. Han seier han er positivt overraska over tala, og har ikkje heilt svar på kvifor det har blitt slik.

LES SISTE NYTT OM NYNORSKEN HER!

– Eg føler nynorsken er meir i vinden fleire stader, seier han. Blant sakene som mållaget jobbar med no er å få fleire kommunar til å bruka nynorsk i norskopplæringa til vaksne innvandrarar.

Hå kommune har no passert naboen Time som kommunen med nest flest nynorskelevar i landet. Framleis tronar Stord på toppen.

I prosent av det totale talet på elevar i kvar kommune, aukar talet på nynorskelevar mest i Nissedal, Fedje og Evje og Hornnes.

I statistikken frå Utdanningsdirektoratet har kommunane Lund, Trysil, Nore og Uvdal og Råde ein stor auke i nynorskelevar, men dette viser seg å vera feilføringar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...