Heim Nyhende Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett

Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett

Hege Myklebust finn at mange nynorskelevar på vidaregåande skule vel å bruka bokmål når dei skriv på nettet.

Forskaren frå Høgskolen Stord/Haugesund har starta på vegen mot doktorgraden og prøver å finna svar på korleis elevar i vidaregåande skule argumenterer når dei blir bedne om å skriva argumenterande tekstar til læraren, og til eit ope publikum på internett.

– Kva har du funne ut så langt?

– Eg har gjort ferdig éin artikkel, som dreier seg om språkvala desse elevane gjer når dei skriv for det opne publikummet på nettet.

– Dei fleste er nynorskelevar, men om lag halvparten vel å bruka bokmål i tekstane sine på nett.

– Eg har intervjua dei om kvifor dei har vald som dei har gjort, og har delt elevane inn i fire kategoriar, basert på svara deira; «Mi stemme er nynorsk», «Eg tilpassar meg situasjonen», «Eg skriv slik det fell seg», og «Bokmål er lettare».

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

– Vart du overraska over desse funna?

– I grunnen ikkje. Nynorskelevane er under sterkt press frå bokmål heile tida – om noko er overraskande, er det kanskje heller at såpass mange som halvparten faktisk vel å halda på nynorsk også i slike opne fora, der dei risikerer kommentarar på språkbruken sin.

– Korleis tek du desse funna vidare?

– Denne delen av forskinga mi er avslutta med denne artikkelen. No ser eg vidare på korleis dei same elevane byggjer opp argumentasjonen sin i debattinnlegga dei har skrive på nettet og til læraren.

– Korleis jobbar du som forskar?

– Eg har vore i ein førsteklasse på vidaregåande skule, og fått dei til å skriva tekstar til meg. Eg sit no og prøver å analysera desse tekstane, og presentera resultata i vitskaplege artiklar.

– Det er ein lang og omstendeleg prosess, og det er mykje ein skal læra undervegs. PhD-graden er jo ei forskarutdanning, og det er mange kurs eg skal delta på, og tekstar eg skal skriva for å kvalifisera meg til å bli forskar.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

– Kvifor blei det akkurat dette temaet?

– Det var ein lang prosess, og eg var innom mange andre tema, men det var klart at det skulle dreia seg om skriving både på nettet og utanfor nettet.

– Kven jobbar du i lag med?

– Prosjektet mitt er ein del av programmet Learning in the 21st century, der arbeider eg saman med Lars Vavik og Thomas Arnesen her lokalt.

– I tillegg har me ei gruppe rådgjevarar og bidragsytarar på prosjektet som inkluderer mange internasjonalt kjende forskarar frå mange land.

LES OGSÅ: – Å prøve grenser på nett kan vere bra

– Kor formidlar du arbeidet ditt?

– Den ferdige artikkelen skal vonleg publiserast i ein antologi som UH-nett Vest-nettverket av nynorskforskarar skal gje ut til våren. Men først skal han fagfellevurderast, og reviderast. Seinare skal eg prøva å få artiklar inn i ulike vitskaplege tidsskrift.

– Kor tid reknar du med å vera ferdig?

– Stipendet mitt går til 1. mai 2017, så då håpar eg at eg er ferdig.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...