Når Norled tek over for Fjord 1 på ferjestrekninga Lavik-Oppdal, ventar Norsk Målungdom at reiarlaget held fram med å bruka nynorsk på ferjestrekninga.
– Vi treng ikkje fleire bokmålsferjer i nynorskland, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom i ei pressemelding.
Han meiner det er viktig at nynorskbrukarar får møta målet sitt i kvardagen. Når nye og moderne ferjer blir sette inn på ferjestrekninga, forventar han difor at Norled tek omsyn til språket i området.
– I eit nynorskfylke som Sogn og Fjordane skal innbyggjarane kunna forventa å sjå språket sitt i bruk. Skilt og opplesing på både nye og gamle ferjer bør difor vera på nynorsk, seier Hope.
Han meiner dette er for tilfeldig i fylket no, og oppmodar dei folkevalde til å setja krav.
– Sjølv om fylkeskommunen sjølv ikkje lyser ut anbod på slike ferjeruter, har dei høve til å uttala seg, seier Hope.
Han minner om at samferdselspolitikarane i fylket har stor påverknad og oppmodar dei til å krevja nynorsk på ferjene i fylket. (©NPK)