Heim Nyhende Språkrådet uroa for nynorsken

Språkrådet uroa for nynorsken

Språkrådet fryktar at nynorsken kan bli skadelidande som følgje av kommunereforma. I eit brev ber rådet Kommunaldepartementet gjere greie for korleis dei vil følgje opp språkutfordringane.

 

Fungerande språkdirektør Roy Kristiansen meiner det er viktig at regjeringa følgjer opp den gjeldande språkpolitikken og sikrar nynorskbrukarane eit sterkt vern når nynorskkommunar blir slått saman med bokmålskommunar og språkblanda kommunar.

– Vi veit at bokmålet gjerne blir dominerande der målformene skal leve side om side, både i kommuneadministrasjonen, skulane, avisene og lokalsamfunnet elles, seier Kristiansen i ei pressemelding.

LES OGSÅ:vMållaget: – Ikkje godt nok Sanner

Etterlyser nynorskfokus
I brevet seier Språkrådet seg tilfreds med at regjeringa i kommuneproposisjonen seier dei vil leggje vekt på at «samiske språkbrukere ikke kommer dårligere ut som følge av endringer i kommuneinndelingene», men etterlyser noko tilsvarande for nynorskbrukarane. Det gjorde òg ein samrøystes kommunal- og forvaltingskomité da dei behandla proposisjonen.

«Komiteen ber også om at forholdet til nynorsk som målform får same fokus slik at nynorsk som målform ikkje vert skadelidande som resultat av reforma», heitte det i komitéinnstillinga.

No vil Språkrådet vite korleis kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har tenkt å følgje opp den klare oppmodinga frå Stortinget.

– Eg oppmodar departementet til å komme med eit snarleg forslag til korleis denne utfordringa kan løysast, seier språkdirektøren.

LES OGSÅ: Over halvparten av kommunane i gang med reform

Mållaget etterlyser
Noregs Mållag publiserte i 2014 rapporten «Rapport om kommunereforma – frå Askvoll til Åseral», som tek for seg førre runde med kommunesamanslåingar og kva utfordringar nynorsken står ovanfor med den nye reforma.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø etterlyste då eit utval som tek for seg kåra for nynorsken med kommunereforma.   

– No er det utnemnt eit offentleg utval som skal sjå på kva kommunereforma kan bety for samisk, og denne rapporten er ei sped byrjing til ei tilsvarande utgreiing for nynorsk. Det er klart at vi ønskjer oss ei tilsvarande utgreiing om kva konsekvensane blir for nynorsken, seier ho og peikar på at språkmekanismane eigentleg er like for nynorsk og samisk, sa Aakre Tennø til NPK i november.

Då Framtida spurde kommunalminister Jan Tore Sanner om departementet har planar om eit nynorskutval avviste han dette.

– No er ikkje nynorsken like truga som samisk, og eg har tillit til at kommunane sjølv tek språkpolitiske omsyn i samanslåingsprosessane, uttala Sanner til Framtida då han i desember delte ut prisen til årets nynorskkommune. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...