Heim Nyhende Fylkestoppar avviser ikkje samanslåingar

Fylkestoppar avviser ikkje samanslåingar

Ei landsomfattande undersøking viser at alle dei 13 fylkesordførarane som har svart, ikkje avviser samanslåingar av fylke i framtida.

 

Det er avisa Nationen som står bak undersøkinga.

Avisa skriv at alle fylkestoppane – som har svart – har tankar om framtidige partnarar i store framtidsfylke eller nye regionar.

– Ser du på Vestlandet, er det tydeleg at Hordaland og Rogaland har mykje av den same kompetansen og næringsstrukturen. Dei heng naturleg saman, meiner fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen (H), som i tillegg vil ha med Sogn og Fjordane i ein framtidig, stor region på Vestlandet.

Vil vere åleine

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes (Ap) vil på si side kjempe for at hennar fylke skal stå på eigne føter i framtida òg. Ho viser til at Sogn og Fjordane har gode resultat i skulesystemet, eit velfungerande politidistrikt, lågast arbeidsløyse i landet og høgt oppe i livskvalitet. Likevel er ho ikkje heilt avvisande til samanslåing.

– Vi er avhengige av at vi ikkje blir straffa økonomisk, seier Kjelsnes til Nationen, og viser til at hennar fylkeskommune ikkje kan få trongare kår. Då vil ho vere ein del av ein storregion med Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland.

– Det mest interessante for oss er å ha med oss fylka både sør og nord for oss. Men vi har ikkje gitt opp å halde fram åleine, seier Kjelsnes til Nationen.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen seier at han ikkje ser poenget med samanslåing så lenge fylkeskommunane ikkje har større oppgåver enn dei har i dag. Men også Aasen er open for samanslåing med fylke – både i nord og sør.

Klar i Trøndelag

Aasen ser òg nordover, men der er allereie eit Stor-Trøndelag i gang. Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har allereie vedtatt å greie ut ein ny og større region.

– Vi vil slå oss saman med Sør-Trøndelag dersom dette kan gi oss meir makt og gjere oss sterkare. Grensekommunar på Nordmøre, i Hedmark og på Helgeland må sjølv få bestemme om dei ønskjer å bli med, seier fylkesordførar i Nord-Trøndelag Anne Marit Mevassvik (Ap).

Fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik (Ap) er einig med naboen, og er klar på at færre, større og sterkare regionar er framtida.

I Telemark har ein opna for å sjå på samanslåing med Buskerud og Vestfold, medan ein i Aust- og Vest-Agder er avventande etter at to tredelar av folket så nei til samanslåing i 2011. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...