Heim Nyhende Viktig å velje målgruppene sine

Viktig å velje målgruppene sine

– Skal me skape bulyst og bli-lyst må me vite kven me snakkar til.



Det sa prosjektleiar Ulrikke Ytteborg i Halling 2020 i det første innlegget under Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar, som går av stabelen i dag og i morgen på Gol i Hallingdal. Tema er omdømmebygging i kommunane.

– Me kjenner frasen frå undersøkjingar om at «800 000 mennesker ynskjer å flytte ut på landet». Men kven er dei? Og skal me ha fokus på alle? I Hallingdal hadde me ein ganske intens prosess på å velge målgruppe. Men eg er glad for at me gjennomførde den, sa Ytteborg.

Hallingdal 2020 valde ut tre målgrupper: «Ung Halling», «Hytte-Halling» og «Kvinne 28 år».

– Ung Halling er folk som har hjarte for regionen. Og hjarte og følelsar for regionen MÅ skapast blant dei unge FØR dei flytter ut og tek utdanning. Det er lett å gløyme 15-, 16- og 17-åringane våre. Med å skape identitet og hjarte for heimstaden og heimregionen, aukar sjansen veldig for at dei flyttar heim når dei er ferdig utdanna.

Hytte-hallingen er alle som har hytter i Hallingdal. Det er 17 000 hytter i dalen. Og talet på mennesker som nyttar hyttene er kanskje fire gonger så mange. Dei legg att mykje pengar i regionen, dei er glad i regionen, og dei har eit forhold til regionen.

– Me ynskjer å få dei til å føle på at dei har ein Halling-identitet, og fortelje at me ser på dei som delvis innbyggarar. Me ynskjer at dei skal opphalde seg her lenger. Me ynskjer at dei vil starte næring her. For me veit at mange av hytteeigarane driv næring i Oslo og Bergen, sa Ytteborg.

Kvinne 28 er ikkje meint som ekskludering av mannfolka, men å spisse målet.

– Ungdom som vil flytte på landet er «Kvinne 28» . Ho har ikkje fått barn endå, ho er ikkje gift, men ho er ferdig utdanna. Det er ho som må like å bu her. For vil ikkje ho bu her, vil ikkje ektemannen bu her heller.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Velkommen til landstinget til LNK! Meld deg på her!

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) kjem saman med ei rekkje andre innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...