Heim Nyhende Prisen for offentleg målbruk til Stein Torleif Bjella

Prisen for offentleg målbruk til Stein Torleif Bjella

Artisten Stein Torleif Bjella har fått «Pris for god offentleg målbruk».

Prisen blei delt ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar under organisasjonen sitt Landsting på Gol i Hallingdal i dag, fredag.

Juryen si grunngjeving: 
«Årets prisvinnar er ein original ordkunstnar. Ein person som på ein særmerkt og svært personleg måte viser korleis det nynorske språket kan brukast til å skapa fleirtydige tekstar. Underfundige tekstar som ofte tek utgangspunkt i kvardagslege situasjonar. Dei har gjerne ein humoristisk tone på overflata, men som regel rommar dei så mykje, mykje meir.

Prisvinnaren viser på ein overtydande måte kor nær hans eigen dialekt heng saman med skriftspråket nynorsk, og han brukar denne samanhengen til å skapa språklege nyvinningar. Kritikarar har hveda at tekstane hans er på same nivå som Kjell Askildsen og Tor Jonsson sine tekstar. Andre har samanlikna han med Alf Prøysen og Tom Waits.

Publikum og kritikarar vart for alvor kjend med Stein Torleif Bjella i 2009. Alt han har gitt ut etter den tid, alle dei småskakke sogene hans, heng på ein merkeleg måte saman. Han har skapt sitt eige rom både som tekstforfattar og musikar.»

Prisen er eit litografi av Ludvig Eikaas, med motiv frå Aasten-tunet i Hovdebygda, og 50 000 kroner. Den vart delt ut av Finn Tokvam.

Pris for god offentleg målbruk har, gjennom dei siste 20 åra, meir og meir blitt ein pris for bruk av god nynorsk i det offentlege rom. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...