Heim Nyhende – Språket er det viktigaste verktøyet

– Språket er det viktigaste verktøyet

Stein Torleif Bjella har endeleg fått tid til å skriva nye songar igjen. Den ferske målprisvinnaren røper si ukjente fortid som bokmålsbrukar.

 

– Eg er veldig, veldig glad og stolt, seier Stein Torleif Bjella.

Artisten og låtskrivaren frå Ål i Hallingdal er heidra med «Pris for god offentleg målbruk» av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
Prisen på 50.000 kroner vert delt ut annakvart år, og vart delt ut under organisasjonen sitt Landsting på Gol i Hallingdal fredag av sjølvaste Finn Tokvam.
Juryen framhevar at prisvinnaren viser på ein overtydande måte kor nær hans eigen dialekt heng saman med skriftspråket nynorsk, og at han bruker denne samanhengen til å skapa språklege nyvinningar.

– Eg syng på hallingmål. Tekstane mine skriv eg på dialekten min, med min eigen norm. Eg skriv slik eg pratar, seier Stein Torleif Bjella frå ein sofa på Per´s Hotell.

– Språket er det viktigaste verktøyet mitt når eg skriv og lagar songar.Tekstane er like viktige som melodiane.

Når han sender inn papira til TONO, organisasjonen som passar på opphavsrettane til komponistane, så har han bestemt at tekstane tel like mykje som melodiane. Det er det visst opp til dei sjølv å bestemma.

– Korleis er det du skriv? Byrjar du med tekst eller melodi?

– Eg sit med gitaren og skriv tekst og lagar melodi samstundes.

– Kvar er du, då?

– Det er over alt. Det er gjerne berre fem minuttar der og der. Eg lagar songar helst på morgonsida når skallen er klar og rein.

Med ungar i hus, må han nytte tida når ho er der.

Skremt på møte
– Kva forhold har du til nynorsken?

– Eg skreiv bokmål på skulen. Far min var bokmålsbrukar. Ein gong i ungdommen var eg på møte med Målungdommen, men då vart eg skremt, fortel han.

Men i 2.klasse på vidaregåande skjedde det noko. Han skifta over til nynorsk.

– Eg hugsar ikkje kva som gjorde det. Eg berre byrja.

– For oss hallingar ligg det veldig lett å skriva nynorsk. Då kan me skriva som me snakkar.

Stein Torleif Bjella har òg ei fortid som skrivande journalist i den prisvinnande nynorskavisa Hallingdølen. Men no er han musikar for fullt.

Walking on Sundre
Sjølv byrja han å spela då han fekk seg gitar etter konfirmasjonen. Han skreiv songar på både engelsk og halling. Fjellfinn og Walking on Sundre er nokon av songane han hugsar.

Etter kvart blei han med i band, og spelte bass. Med bandet 12 volt blei han A-lista på radioen og spelte mange stader. I 2009, då han var 39 år, gav han ut soloplata Heidersmenn. Ei plate som både blei kritikarrosa og gav han mykje åtgaum.

Sidan har det blitt to plater til; Vonde visu i 2011 og Heim for å døy i 2013.

QUIZ: Kan du svalla halling?

Ny plate
Dei siste åra har det vore mykje reising og konsertar og mindre tid til å skriva.

– Det er først no eg har fått tid til å skriva, seier han. Ny plate håpar han det blir neste år. I sambandet med Landstinget på Per´s Hotell spela han ein av dei nye songane; om romantikk på nettopp Per´s Hotell.

I sommar blir det speling på Ekstremsportveko på Voss, Piknik i Parken i Oslo, Ranglerock og nokre få andre stader.

– Eg elskar å spela for folk, seier Bjella, og trur det har noko med samspelet og kontakten med publikum.

Ei stund lurte han på om han kom til å bli lei av spela dei same songane om igjen, men det gjer han ikkje. Han vegrar seg ikkje når publikum gaular etter «Tiger på Sundre».

– Eg står for det eg har gjort, og står inne for songane eg har laga.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...