Heim Nyhende Duka for meiningsmålingar om kommunesamanslåing

Duka for meiningsmålingar om kommunesamanslåing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no inngått ein rammeavtale med marknadsanalyseselskapet Opinion AS om å tilby kommunane hjelp med å gjennomføre innbyggjarundersøkingar i samband med kommunereforma.

 

Tilbodet er meint som eit alternativ og eit supplement til folkemøte og folkerøystingar om kommunesamanslåing. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) trur likevel ei slik meiningsmåling er den beste måten å få fram folkemeininga på.

– Vi trur innbyggjarundersøkingar vil gi kommunane eit betre avgjerdsgrunnlag enn det som er mogleg i ei rådgivande folkerøysting. Undersøkinga gjer det mogleg for innbyggjarane å fortelje kva dei meiner om velferdstenestene, og korleis desse blir påverka av ei kommunesamanslåing, seier Sanner.

Tilbodet om innbyggjarundersøkingar byggjer på ei rettleiande standardundersøking om kommunesamanslåing som departementet fekk laga tidlegare i år, og som kan tilpassast lokalt i tråd med dei kvalitetskrava departementet har sett.

Av rettleiinga går det fram at det i ei slik innbyggjarundersøking berre er eit tilfeldig utval av innbyggjarane som får seie si meining, i motsetning til i ei folkerøysting, der alle som har stemmerett, kan delta.

Dei som blir spurde, får på den andre sida høve til å gi meir nyanserte svar enn ja og nei til samanslåing når dei får ein telefon frå Opinion. Til dømes kan dei utdjupe i kva grad dei er negative eller positive til ei samanslåing, «svært» eller «ganske», går det fram av dokumentet “Høring av innbyggerne ved kommunesammenslåing. Gjennomføring av opinionsundersøkelse”. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...