Heim Nyhende Arvar og deler klare kommunetekstar

Arvar og deler klare kommunetekstar

Med målretta språkarbeid kan språket i kommunane bli mykje lettare å forstå, viser forsøk. No vil KS dela erfaringane med resten av Kommune-Noreg.

 

I april i år avslutta kommuneorganisasjonen KS eit pilotprosjekt der ti kommunar har arbeidd med klarare kommunespråk. KS meiner kommuneprosjekt gjev gode moglegheiter for kommunane å dela erfaringar og tekstar fordi tekstane og tenestene dei handlar om er så like.

KS fekk 950.000 kroner i støtte til pilotprosjektet og søkjer no Kommunaldepartementet om 2.900.000 kroner til eit hovudprosjekt. Ei av dei viktigaste erfaringane frå pilotprosjektet meiner KS er det store behovet for kompetanseheving. Dei skisserer to fasar for eit hovudprosjekt:

Fyrst skal ein gjennomføra grunnkurs i klarspråk for dei som skal ha ansvaret for språkarbeid i eigen kommune. Neste fase er å finna føregangskommunar, «trekkhundar», som kan vera mentorar og pådrivarar i eigen region.

Trekkhundane må kunne visa til forankring, kompetanse og dokumenterte resultat av høg kvalitet, og dei skal hjelpa til sjølvhjelp for andre kommunar.

Må vera interesserte

I den avsluttande rapporten kjem det heilt klart fram at det må vera interesse for klarspråk. For det fyrste må det vera forankra i leiinga, men i tillegg er det viktig med ein god kultur for godt språk.

Dette har forsøkskommunane prøvd å byggja på ulike måtar. Rogaland fylkeskommune har hatt bokkafear med vaflar, hatt inspirasjonssamlingar og språkkurs. Kongsberg har kåra den beste kommunale språkmedarbeidaren kvar veke, medan Fredrikstad har hatt ei fast språkspalte i nyhendebreva frå rådmannen.

– Språkleg medvit hjå avsendarane er det viktigaste verktøyet i språkarbeidet, saman med ei betre forståing av situasjonane til mottakarane, heiter det i rapporten.

Gode resultat

Undervegs har dei gjort brukartestar, og i eitt delprosjekt forstod 81 prosent av målgruppa kva brevet handla om berre ved å lesa overskrifta. Berre 26 prosent sa det same om det same brevet før klarspråkprosjektet.

Fredrikstad bad om tilbakemelding på kva for ord og omgrep som var vanskelege å forstå og fekk vekk 73 prosent av dei vanskelege orda.

Kommunane har valt ut respondentar litt ulikt. Dei fleste har respondentar frå målgruppa til dei aktuelle tekstane, to kommunar hadde tilfeldig utval, Fredrikstad testa tekstane i tillegg på personar utan norsk som morsmål, og éin kommune hadde politikarar som ei testgruppe.

I tysk klarspråkarbeid skil ein mellom «einfache sprache» og «leichte sprache». Det siste er ei ytterlegare forenkling av språket retta mot den delen av befolkninga som er lett analfabetar eller har kognitive utfordringar. KS meiner det er eit viktig skilje for ytterlegare tilrettelegging av språket og universell utforming. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...