Heim Nyhende Fleirdobla folketal på éi helg

Fleirdobla folketal på éi helg

Festivalen «Fabrikken» samla fleire frivillige enn det er fastbuande på Huglo. Målet er fleire fastbuande.

Jonas Alaska, Thomas Dybdahl og Marthe Valle var nokon av artistane som tok turen til det vesle øysamfunnet Huglo i helga.

Øya ved utløpet av Hardangerfjorden har knappe 100 fastbuande, men i helga var det over 800 betalande publikumarar på festivalen på kaien til den nedlagde møbelfabrikken på øya.

– Det byrja i si tid som ein del av eit bulystprosjekt. Den første festivalen me arrangerte for tre år sidan skapte ein positiv effekt. Det skjedde noko på Huglo. Festivalen har vore veldig samlande og viktig for folk som bur her og kjem frå Huglo, seier festivalsjef Hilde Anette Eikeland (bildet).

Sidan den første festivalen har fire familiar flytta til Huglo, og optimismen er tilbake på øya som er ein 15-minuttars ferjetur frå E39 på Stord.

LES OGSÅ:Vestlandet på festivaltoppen

Håpar på fleire folk
Katrine Sæter Aga er i ferd med å gjera seg klar til storinnrykk i festivalkaféen når Jonas Alaska snart er ferdig på scenen.

– Det er veldig god stemning her, og god dugnadsånd og godt samhald. Fabrikken stiller øya i eit godt lys og set Huglo på kartet, seier ho. 

– Eg håpar festivalen vil gjera folk interesserte i å bu her, legg ho til. Sjølv bur ho no i nabokommunen Bømlo, men er ei av dei som kunne tenkja på å flytta tilbake til øya.

– Me har sett etter tomt, seier ho.

Katrine Sæter Aga er ein av dei mange frivillige på Fabrikken.

– Ambisiøst prosjekt
Fabrikken er eit av fleire tiltak som får støtte frå Samarbeidsrådet i Sunnhordland gjennom prosjektet Øyliv i Sunnhordland, saman med andre mindre øysamfunn i regionen.

– Eit av måla for prosjektet er kultur og trivsel; at det skjer noko på desse øyane. Det er eit ambisiøst prosjekt, seier Hilde Anette Eikeland.

Fabrikken 2015 har òg fått støtte frå Kulturrådet, Frifond, Sparebanken Vest og lokalt næringsliv.

– Det er veldig kjekt at me som utkantfestival òg får statleg støtte, seier Eikeland.

LES OGSÅ:Rockefestival gir tilflytting

– Ingenting er noko problem
Festivalsjefen skryt av dugnadsinnsatsen på øya.

– Det har vore så lett å få folk til å bidra. Eg vel å tru at det er fordi folk er engasjert i festivalen og håpar folk kjenner at dette er deira festival. Sjølv dei minste spør om å få vera med på å bidra. Minstemann på dugnaden var fem år.

Etter at festivalområdet er rydda skal styret i festivalen evaluera og sjå om dei skal arrangera ein ny festival.

– Det blir nok ikkje festival kvart år. Men om det blir kvart andre år, eller kvart tredje slik som det har vore no, får me sjå. Me tar ein festival om gongen, seier Hilde Anette Eikeland.

27-åringen frå Huglo bur til vanleg i Bergen, og trivst førebels med det. Men ho utelukkar ikkje at ho kjem tilbake ein gong.

– Eg har funne ut at eg ikkje er noko bymenneske. Og eg seier framleis at eg skal heim til Huglo.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...