Heim Nyhende Den umoglege togbana frå Flåm fyller 75 år

Den umoglege togbana frå Flåm fyller 75 år

For 75 år sidan opna Flåmsbana i Sogn og Fjordane med ei enkel markering. I dag er togbana navet i eit stort turisthjul.

 

– Flåmsbana har hatt kolossal betydning for Aurland. I starten sikra det kommunikasjon med omverda, men med tida har Flåmsbana skapt veldig mange arbeidsplassar. Ho er framleis ein drivar for næringslivet, seie Aurland-ordførar Noralv Distad (H) til NTB.

Den vesle kommunen lever godt av turisme, og ifølgje ordføraren er rundt 40 prosent av sysselsettinga i Aurland knytt til reiselivet. Flåmsbana er navet i hjulet som er Aurland.

Ein må heilt tilbake til 1870-talet for å finne dei første tankane om togbane i Sogn og Fjordane. Dei første planane om Flåmsbana, ein sidearm av Bergensbana, kom konkret i 1890.

Ingeniørdraum

Med utfordrande natur møtte Flåmsbana mykje motstand, både før og etter politisk klarsignal i 1909. Over 80 prosent av Aurland kommune ligg nemleg minst 800 meter over havet.

– Det må vere ingeniørane sin draum; å realisere det umoglege. Skeptikarane var mange; korleis skulle ein kunne byggja ein jarnveg opp den tronge, bratte og rasfarlege Flåmsdalen, skriv Distad i eit innlegg på kommunen sin nettstad.

Rasfare, økonomi og lokalisering – argumenta mot Flåmsbana var mange. Statens vegvesen ville ha bilveg i staden for togbane. I 1923 var det likevel byggjestart.

Viktig satsing

Arbeidet varte heilt til 1947, men allereie 1. august 1940 køyrde det første godstoget ut frå Flåm stasjon. Eit halvt år seinare starta passasjertrafikken.

Gods og post var det Flåmsbana blei brukt til i hovudsak. Aurland kommune satsa på industrietableringar som skulle gi transportoppdrag, men i 1987 snudde NSB taktikken.

Persontrafikk blei eit satsingsområde, og frå 1960-talet og fram til slutten av 80-talet dobla talet på reisande seg frå 100.000 til 200.000. I 2014 hadde det stige til 700.000 passasjerar.

Uvurderleg

Den 20,2 kilometer Flåmsbana køyrer i dag gjennom 20 tunnelar som dekkjer 28 prosent av strekninga. Ute i dagslys glir toga gjennom naturskjønt terreng, mellom fjordar og fjell.

– Vi trur på framtida, sa overingeniør Adolph M.B. Kielland på opningsdagen, ifølgje Aurland kommune.

Etter 75 år er Flåmsbana heilt uvurderleg for mange av lokalsamfunna i Aurland i Indre Sogn. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...