Det står no 46 kommunar oppført i Robek – lista over kommunar og fylkeskommunar som har økonomiske problem. Dermed er talet på svartelista kommunar blitt mindre, skriv Kommunal Rapport.
Desse kommunane vart registrert i Robek i sommar: Gaular, Kristiansund, Marker.
Desse kommunane vart melde ut i sommar: Røst og Narvik i Nordland, Gjemnes, Ørsta og Volda i Møre og Romsdal. Stord, Osterøy i Hordaland, Askvoll i Sogn og Fjordane. (©NPK)