Heim Nyhende Lokalavis byggjer TV-studio

Lokalavis byggjer TV-studio

Hallingdølen innreier virtuelt studio i den gamle trykkehallen og tilbyr kundane full mediepakke.

 

Ivar Myklebust Longvastøl, Nynorsk avissenter

– Vi byggjer opp eit nytt forretningsområde, fortel ansvarleg redaktør Bjarne Tormodsgard.

I første etasje i mediehuset på Ål har held Erlend Hagen og Oddmund Reisæter Haugen til. Dei arbeider på heiltid med å utvikle Hallingdølens satsing på levande bilde og nett-TV, og vidare mot det som skal bli eit nytt forretningsområde for ei tradisjonell avis i endring.

Den første, store testen vart gjennomført i april, der mediehuset i Hallingdal tok på seg store delar av Liatoppen Skiskytterfestival – presentert som verdas største skiskyttarrenn for born og ungdom.

Hallingdølen hadde ansvar for arenaproduksjon, web-TV, program, heimeside og utvikla ein eigen app for festivalen, med alt frå informasjon, løypeoversikt, parkeringsbillett og tilgang til sendingar og bildegalleri.

Full mediepakke, med andre ord.

Hallingdølen hadde 32 personar i sving på arenaen, med prosjektleiar Erlend Hagen i spissen og mellom andre Odd-Bjørn Hjelmeset som gjesteprogramleiar. Avisas eigen journalist Magnus Lindahl var programleiar og intervjuar.

Sjekk sjølv: http://liatoppenskiskytterfestival.no/

Erfaringane frå Liatoppen vert no brukt vidare. Kommune- og fylkestingsvalet 14. september er neste store satsing, i samarbeid med Radio Hallingdal og NRK Buskerud.

Valnatta sender Hallingdølen direkte frå sitt splitter nye virtuelle studio(virtuell tyder del av røyndomen som kan etterliknast med datateknologi), innreia i den gamle trykkehallen i mediehuset. Her skal redaksjonen også ha verbale duellar mellom aktuelle ordførarar før valet. Avisa vert i dag trykt på Lillestrøm.

Hallingdølen er halvvegs i utviklingsprosjektet over to år. Innovasjon Norge støttar nyskapinga og satsinga er også del av eit EU-prosjekt.

– Vi utviklar oppdragsproduksjon som eit nytt forretningsområde, seier redaktør Tormodsgard.

Hallingdølen har 15 tilsette i redaksjonen og seks-sju grafikarar. Dei fleste aviser kvittar seg med eigne grafikarar, men i Hallingdølen er målet å halde på dei og gje grafikarane nye oppgåver.

– Utan grafikarkunnskap kunne vi ikkje ta på oss oppdrag som Liatoppen Skiskytterfestival, seier redaktøren.

LES OGSÅ: Tormodsgard: Gjer det enkelt: gjer det sjølv!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...