Heim Nyhende Ordføraren ber om lågare løn

Ordføraren ber om lågare løn

Jon Askeland (Sp) meiner han får for godt betalt.

 

I mange kommunar er det vanleg at ordførargodtgjersla følgjer godtgjersla for å sitja på Stortinget. Men Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) meiner no løna har blitt for høg.I eit notat til kommunestyret rår ordføraren godtgjersla for den komande perioden blir sett til 90 prosent av den godtgjerdsla ein stortingsrepresentant får. Det melder Avisa Nordhordland.

Det medfører ein reduksjon på 10 prosent frå inneverande periode, då Radøy vedtok at ordførargodtgjersla skulle følgja stortingsrepresentantane.

Frå 1. mai 2015 er årleg fast løn for stortingsrepresentantane 885.491 kroner i året. Ordføraren i Radøy meiner altså at dette er for mykje.

– Eg meiner at deira godtgjersle har auka så mykje dei siste åra, at det ikkje lenger er rett at Radøy følgjer dette prinsippet fullt ut, skriv Askeland, ifølgje Nordhordland.

LES OGSÅ: Radøy er Årets nynorskkommune

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...