Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje, skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».
Å bruke dialekt er mest akseptert i vest og nord, minst i hovudstaden. Dette kjem truleg ikkje som ei overrasking på dei fleste. I desse områda står dialektbruken sterkt, medan mange som flyttar til Oslo legg om dialekta.
Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasen-tunet eit kapittel frå Ottar Grepstad sine «Språkfakta 2015». I dag kan du læra meir om kva me nordmenn faktisk meiner om språk.
LES OGSÅ: – Størst språkleg mangfald i Aust-Europa
Nynorskelevar føretrekkjer bokmål
Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg: dialekt i nord, nynorsk i vest, bokmål i aust.
Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg òg i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, sjølv om det er der dei er mest konsentrerte.
Tre av ti likar å lese nynorsk. Dei fleste av desse bur i Oslo eller på Vestlandet – gjerne i nynorskkommunar.
Jamt over likar nynorskelevane betre å lesa bokmål enn nynorsk.
LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar
Inntektsforskjell
Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje.
Dei seinare tiåra har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Desse har med seg endå fleire morsmål, men buset seg mest på Austlandet.
Éin av tre svara i 2013 at dei likte at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det dårleg.
Ein større del av innvandrarane i nynorskkommunar kjem frå vestlege land enn i resten av landet, skriv Grepstad.
LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar
Engelskskeptiske nynorskmenn
Ifølgje Grepestad er bokmål under større press frå dialektar og engelsk, enn det nynorsk er. Dei som tener minst og mest er dei som er mest positive til meir engelsk i Noreg.
Nynorskbrukarane er meir kritiske enn bokmålsbrukarane til auka bruk av engelsk. Menn ser òg ut til å vere meir skeptiske enn kvinner til angliseringa av språket vårt.
Vidare jamstilling av nynorsk og bokmål?