Heim Nyhende Ungdomsskular får slå saman norskkarakterar

Ungdomsskular får slå saman norskkarakterar

I ei prøveordning for vidaregåande skular har skulane slått saman to karakterar i norsk skriftleg, til berre éin. No skal åtte ungdomsskular prøve det same.

 

Det er åtte ungdomsskular i Bergen, Kongsberg, Nesodden, Tromsø, Asker og Oslo som no skal slå saman norskkarakterar på 8. og 9. trinn, fortel NRK.no.

– I heile 8. og 9. klasse vil elevane få berre éin karakter i skriftleg norsk. Dei får vanleg læring og oppfølging i både sidemål og bokmål fram til 10. klasse, då blir det tre karakterar, fortel oppvekstdirektør i Asker kommune Terje Larsen, som viser til at mange blir stressa av å tenkje på talkarakterar – framfor læring.

Ved Fyrstikkalleen skole i Oslo slår dei saman karakterane i sidemål, hovudmål og munnleg karakter til éin karakter, i ei frivillig ordning. Leiar i Elevorganisasjonen i Oslo, Rahman Aktar Chaudry, er positiv til prøveordninga med færre karakterar, men stussar litt over ordninga der tre karakterar blir éin, slik Fyrstikkalleen skole gjer det. Aktar Chaudry håpar heller ikkje samanslåingane går utover sidemålsundervisninga.

– Spesielt i Oslo der majoriteten av elevane har bokmål som si hovudform, er det viktig at ein ikkje forsømmer sidemålsundervisninga. Spesielt med tanke på den kulturhistoriske betydninga som nynorsk har i norskfaget, seier Chaudhry til NRK.no. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...