Heim Nyhende 130 år med nynorsk i kommune-Noreg

130 år med nynorsk i kommune-Noreg

15. desember 1885 vedtok kommunestyret i Fjelberg at landsmålet skal nyttast «ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta».

 

Dette er det fyrste vedtaket om landsmål som administrasjonsspråk i ein kommune, og kom nokre månader etter Jamstelligsvedtaket 12. mai 1885.

Kvinnherad mållag markerer hendinga på torsdag med å gje bokpakker til 18 barnehagar og stå på stand ulike stader, før heradsstyret truleg vedtek ein ny målbruksplan på torsdag.

Gaute Lund (Raudt) er sjølv styremedlem i Kvinnherad Mållag og tok opp spørsmålet om målbruksplan i ein interpellasjon i november, ifølgje Grenda.

I innstillinga frå rådmannen til torsdagens kommunestyremøte går rådmannen inn for at det blir laga ein slik målbruksplan i samarbeid med Kvinnherad Mållag.

– Eit flott initiativ og ei veldig viktig sak, uttalar ordførar Peder Sjo Slettebø ifølgje Grenda..

Ein målbruksplan vil sei noko om:

  • Målbruk i Kvinnherad kommune – historisk bakgrunn
  • Målform i Kvinnherad kommune
  • Språkpolitiske mål og retningsliner
  • Tiltak: Opplæring, hjelpemiddel, bruk av skjema, utlysing av stillingar m.m.

Les meir om målbruksplanar på LNK.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...