Heim Nyhende Ekstra pengar til språkkommunar

Ekstra pengar til språkkommunar

Kommunane og fylkeskommunane kan no søkje om å bli språkkommunar og få hjelp til å styrkje språkarbeidet i barnehagar og skular.

 

Satsinga er ein del av den nasjonale strategien Språkløyper, som Kunnskapsdepartementet har sett av om lag 30 millionar kroner til.

– Språkkommunane blir viktige for å få ei samla satsing på språk, lesing og skriving frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av den vidaregåande skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Kriteriet for å bli språkkommune er at kommunen pliktar seg til å arbeide systematisk med å styrkje språkmiljøet i skulane og barnehagane. Utdanningsdirektoratet skal plukke ut eit tjuetals kommunar som i eitt år frå hausten av får status som språkkommunar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...