– Nynorsk kultursentrum er klar til å lage Vinje-senteret i nært samarbeid med innbyggjarar, fagmiljø og styresmakter, seier styreleiar Lodve Solholm.
I dag la Nynorsk kultursentrum fram ein prosjektplan på 300 sider om Vinje-senteret som eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk, plassert ved E134 midt mellom Bergen og Oslo.
Vinje-senteret blir på 700 kvadratmeter inkludert fellesareal med Vinjar samfunnshus som ligg vegg i vegg. Senteret fyller hovudetasjen i nedlagde Vinje skule, som får ein ny kontorfløy og tre små utstikkarar.
– Det blir ein framifrå stad å vere og ein ny grunn til å bu i Vinje, stoppe der, bli verande lenger, seier direktør Ottar Grepstad.
Høge forventningar, brei støtte
Litteraturdagane i Vinje ønskjer å bli ein del av Vinje-senteret, styra i Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum har alt drøfta ei skisse til samarbeidsavtale, og Nynorsk kultursentrum kan ta over forvaltningsansvaret for Vinjestoga frå 2018.
Prosjektplanen er publisert på den nye nettstaden Vinjesenteret.no som opna i dag. Til planen har 20 personar i og utanfor posisjonar skrive korte meldingar om kva dei meiner om eller ventar seg av Vinje-senteret. Blant desse er ambassadør Astrid Versto, forfattaren Agnes Ravatn og tidlegare ordførar Arne Vinje.
– Vi gler oss over den støtta vi har fått frå inn- og utland. Då vi la fram drøftingsframlegget til prosjektplan i januar, tok ingen til motmæle mot innhald eller ambisjonsnivå. Folk ventar seg mykje, og det faglege ambisjonsnivået er høgt, meiner Grepstad.
– Med blikk for det lokale skal dette bli eit senter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk. Bygt på nynorsk skriftkultur vil senteret dekkje journalistikk og skjønnlitterær prosa på både nynorsk og bokmål.
Enkle utgreiingar held ikkje lenger
Direktøren i Nynorsk kultursentrum meiner at tida er omme for det han kallar summariske plandokument. Nye kulturinstitusjonar må vise kva dei vil og korleis dei vil gjere det, og det må gjerast i opne og inkluderande prosessar.
– Vi har ønskt å vere grundige og legg alt på bordet, seier Grepstad.
– I prosjektplanen svarar vi på det som har vore framme i dei 76 møta som er haldne. No har vi dekning for å seie at Vinje-senteret skal gjere noko ingen andre museum gjer.
Dempa og tydeleg
– Dei beste fagfolka ser løysingar andre ikkje ser og som verkar opplagde når dei først er der. Arkitektane Henrik Hille og Ervin Strandskogen har forma Vinje-senteret, og dei er slike fagfolk, seier Ottar Grepstad.
Hille og Strandskogen var dei nærmaste medarbeidarane til Sverre Fehn då den prislønte bygningen Ivar Aasen-tunet blei til. No har dei sett med nye augo på Vinje skule.
– Dei har gitt Vinje-senteret eit dempa, men tydeleg uttrykk som utnyttar plassen godt, meiner Grepstad.
Innhaldet større enn kostnaden
– Det handlar om å bruke det som er, forbetre det og leggje til noko nytt. Difor blir innhaldet større enn kostnaden, seier Ottar Grepstad.
Prosjektplanen for Vinje-senteret inneheld svært detaljerte kalkylar for både byggjeprosjekt, basisutstilling og drift. Så tidleg i prosessen er det likevel mange usikre faktorar. Medrekna uføresette kostnader kan Vinje-senteret bli bygt for 24 millionar, og basisutstillinga vil truleg koste 6,1 millionar, heiter det i prosjektplanen. I full drift blir det årlege driftsbudsjettet på om lag 6 millionar.
– Summane er låge, men høge nok til å nå det faglege ambisjonsnivået alle ønskjer, seier Grepstad. Han meiner at Vinje-senteret blir ein av dei rimelegaste nasjonale kulturinstitusjonane på 2000-talet.
Vinje-senteret i Vinje
- Dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk
- Driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret
- Fire fast tilsette og to deltidstilsette
- Nynorsk kultursentrum har laga prosjektplan etter avtale med Vinje kommune
- Arbeidet er finansiert av Norsk kulturråd og Vinje kommune
- 76 arbeidsmøte med minst 300 deltakarar
- Drøftingsframlegg til prosjektplan lagt fram 21. januar 2016
- Nettstaden Vinjesenteret.no opna 29. februar 2016
- Endeleg prosjektplan på 300 sider lagd fram 29. februar 2016
- 700 m2 i Vinje skule skule frå 1973, som blir bygd om og får ein ny kontorfløy
- Med uføresette kostnader vil det koste inntil 24 millionar å byggje Vinje-senteret
- Basisutstillinga i Vinje-senteret vil truleg koste 6,1 millionar
- Vinjar samfunnshus får ny garderobe og univerelt tigjenge for 1 million
- Årleg driftsbudsjett på 6 millionar for fire fast tilsette eit komplett publikumstilbod
- Nynorsk kultursentrum er klar til å ta over ansvaret frå 1. september 2016