Heim Nyhende Lønning er Årets bygdeprofil

Lønning er Årets bygdeprofil

Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB, er kåra til Årets bygdeprofil i Norge.

 

Årets bygdeprofil er Bygde-Norge sin heiderspris. Den har vore utdelt kvart år sidan 2004.

Tidlegare vinnarar er mellom andre Odd Nordstoga, Therese Johaug, Danskompaniet Frikar, Oddgeir Bruaset og Yasmin Syed.

– Det var stort å bli nominert. Å vinna denne heiderstittelen er fantastisk! Millionar takk til alle dei som har stemt på meg – og det er mange!

HLB sin rektor er veldig glad for å ha blitt stemt fram som Årets bygdeprofil i Norge. Dei seks nominerte var plukka ut frå mange forslag av Nationen sin redaksjon. I heile februar har ein kunna stemma på sms og på Nationen sine heimesider.

Lønning er den første akademikar som har vunne denne tittelen. Dette er han særleg stolt over:

– I mine bøker og populærvitskaplege tekstar (t.d. på landbruksbloggen.no) prøver eg å skriva til eit breiast mogleg publikum utan å gå på akkord med fagkunnskap. Det er rom for langt meir fagleg tyngde og kunnskapsbaserte tekstar også i denne sjangeren. Min erfaring er at folk set pris på dette, seier Lønning i ei pressemelding.

Dag Jørund Lønning er særleg opptatt av lokal involvering og eit meir deltakande samfunn.

– Dei siste åra har «deltaking» blitt eit stadig viktigare ord for meg. Det går diverre feil veg. Me går mot eit mindre deltakande samfunn. Mange menneske står med ryggen mot veggen og føler på at eiga røyst betyr lite. Ekspertane får større makt, det blir meir sektorisering, avstand mellom menneske og makt aukar.

Lønning skriv no på ei bok om ny verdigrunnlaget for ein ny landbrukspolitikk. Boka er planlagt utgiven til hausten på Orkana forlag.

– Også her står deltaking og involvering i fokus. Basisen for framtidslandbruket er kreative og skapande menneske som trivst og ønskjer å bu der ressursane faktisk er – rundt i bygde-Noreg. Det er deira mangfaldige idear som skal føra bygdene våre inn i framtida. Då må kreativitet og nyskaping heiast og dyrkast fram. Landbruket i Noreg har hatt mangfald som styrke (sjølv om det byrjar å røyna på med den politikken som blir ført no), og dette er vår fremste ressurs også for framtida. Fellesskapet har mangfaldige behov, og landbruket kan levera på langt fleire av desse. MEN, skal me lukkast må me ha ein heilt annan grad av lokal involvering og eigarskap. Gårsdagens og dagens landbrukspolitikk har vore veldig mykje ovanfrå og ned, morgondagens må bli nedanfrå og opp med sterk forankring i sterke lokalsamfunn og engasjerte menneske.

Elles likar jo rektoren særs godt å snakka om HLB:

– Eg håpar at denne tittelen og profileringa den gir vil gje oss enno meir vind i segla. Det å vera liten i ei tid der alt skal bli størst mogleg er ikkje berre lett. Det blir lagt hindrar for dei små over alt. Samtidig har me ein veldig styrke i solid forankring som samvirkeselskap med mange eigarar (Europas einaste samvirkeorganiserte høgskule). Studentane våre er også veldig engasjerte og kunnskapsrike og fagstaben landets beste på vårt felt. Forskingsinnsatsen og oppdragsaktiviteten har auka veldig dei siste åra. Men me ønskjer oss enno langt fleire studentar.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

No kan du få siste bokmeldingar, bokomtalar og forfattarintervju frå Lesedigg.no direkte inn på nettsidene til biblioteket eller skulen din. I juni opna den nye...

125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet

Som tenåring gjekk Tore Renberg til lokalavisa for å kjøpe eit portrett av forfattaridolet sitt, medan kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen framleis sit med...

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...