Heim Nyhende Sel og Vågå samde om nynorsk

Sel og Vågå samde om nynorsk

God framdrift i forhandlingane mellom Sel og Vågå om samanslåing.

 

Sel kommune er språknøytral, medan Vågå kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. No har ordførarane i dei to kommunane blitt samde om språket i ein samanslått kommune.

– Vi vel nynorsk som administrasjonsspråk for den nye kommunen. Otta skulekrins har bokmål som hovudmål, dette blir vidareført. Mållova skal føljast konsekvent, understrekar Vågå-ordførar Iselin Jonassen i ei pressemelding.

Forhandlingsutvalet for Sel og Vågå hadde 9. mars sitt tredje møte. Ordførarane er godt nøgde med forhandlingane så langt.

– Det er semje om at den nye kommunen får kommunenamnet Vågå kommune, seier ordførar Iselin Jonassen.

Symbolet i kommunevåpen vil være reinen i kommunevåpenet til Vågå. Rein har vore og er ein svært viktig ressurs og identitet for våre kommunar, seier ordførarane.

Rådmannen til Otta

Administrasjonssenter med rådmannsleiinga blir foreslått lagt til Otta. Men administrative funksjonar skal delast mellom kommunehusa i Vågåmo og på Otta. Vågåmo skal ha sterke fagmiljø, som eit forsterka landbrukskontor, ei teknisk avdeling med breiddekompetanse utover den kvar av kommunane har i dag, samt løn og personal.  På Otta vil strategisk og overordna kompetanse innan plan,  økonomistyring, næring, ikt og informasjon bli plassert.

Som før

Både i Otta og i Vågå vil ein finne eit publikumsretta servicetorg. 

Lokalisering av barnehage, skule, bibliotek, helsesenter, legekontor, aldersheim og brannstasjonar blir ikkje påverka av ei samanslåing og blir vidareført i båe kommunane.

Eigedomsskatten blir den same i den nye kommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...