Heim Nyhende Ordbok-heider til eldsjelene og kvardagsspråket

Ordbok-heider til eldsjelene og kvardagsspråket

Trass i at det var både kongelege, politikarar, akademikarar og anna finfolk i salen, var det eldsjelene spesielt og bidragsytarane generelt som fekk den største applausen under den høgtidlege lanseringa av Norsk Ordbok onsdag.

 

– Sekstiseks år har gått sidan første heftet i Norsk ordbok blei lansert. Vi ser no tilbake på kanskje Noregs største dugnadsarbeid, sa Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo i opningstalen under markeringa og lanseringa av det tolvte bindet og heile verket Norsk Ordbok i Universitetsaulaen i hovudstaden onsdag.

Stoppar aldri opp

Også leiaren av Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomite, Svein Harberg, heidra spesielt dei som har hatt tolmodet til å drive dette store prosjektet fram til og med siste bind.

Trass i lansering og ferdigstilling, Norsk ordbok stoppar likevel ikkje opp, ifølgje Harberg.

– Dei som imponerer med aller mest av dei eg møter i mitt politiske arbeid, er dei som ikkje gir opp i arbeidet sitt og det dei trur på, men som står på vidare. Det er i dag tid for å gi store overskrifter og store ord til dei som har bidratt til å få dette prosjektet i mål, sa han.

– Eg vil gi honnør til Universitetet i Oslo, som har tatt arbeidet fram til dette punktet – eldsjelene og dei som skal ta dette vidare, sa Herberg vidare i gratulasjonstalen sin. Og han gratulerte også Universitetet i Bergen, som no tar over ansvaret for språksamlingane og Norsk ordbok.

– Men arbeidet med Norsk ordbok stoppar ikkje opp, sa han avslutningsvis.

Med det minte han forsamlinga på at det norske språket utviklar seg kvar dag, og at dei yngre generasjonane allereie brukar nye ord som foreldra ikkje kan. Han avslutta talen med eit spørsmål til salen: Kven skal dokumentere kvardagsspråket som blir til i dag?

Tett program

Linda Eide losa forsamlinga gjennom det tette programmet onsdag. Mellom programpostane var til dømes forfattar Marit Eikemos festtale for det tolvte bindet. Marianne Aasen, medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget snakka om munnhellet «det er berre ord» og at ord ikkje berre er ord.

Språkdirektør og tidlegare leiar for Norsk ordbok, Åse Wetås, presenterte også Norsk Ordbok saman med både hovudredaktørar og prosjektdirektørar for Norsk ordbok for den gjæve forsamlinga.

Bergen gler seg over Norsk ordbok

– Ord og språk er langt mykje meir enn eit verktøy. Det er identitet og kultur.

Det sa rektor Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen i talen sin under lanseringa av Norsk ordbok onsdag.

– Det er ei glede at vi endeleg kan lansere Norsk ordbok, sa han vidare.

– Og vi ved universitetet gler oss over at vi no i samarbeid med Høgskulen i Volda skal ta over språksamlingane og ordbøkene. Dei skal vere trygge på at dei er i dei aller beste hender, lova han forsamlinga i Universitetsaulaen.

– Dette er ein del av norsk kulturarv, og vi gler oss over dei moglegheitene verket gir oss som tar over, streka han under avslutningsvis, som siste talar under arrangementet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...