Fredag 15. april klokka 12, opnar Marit Aakre Tennø landsmøtet i Bergen. Det er rekordpåmelding og over 200 kjem til å vere i landsmøtesalen.
I fjor var fyrste året sidan 1948 der Noregs Mållag ikkje heldt landsmøte. I staden samlast organisasjonen til både vårseminar i Fredrikstad og haustseminar i Odda. I tillegg skipar stadig fleire lokallag til regionale seminar, der fylkes- og lokallaga møtest til målpolitiske ordskifte. Desse mindre møta blir stadig betre og viktigare, og er gode samlingar for organisasjonen.
– Det er likevel noko eige å samlast til eit landsmøte, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
– Særleg når det teiknar til å bli rekordstort. Det er mange år sidan me har vore så mange, og det er særs gledeleg at så mange lokallag tek seg tid og råd til å reisa til Bergen denne helga. No har me vorte så mange at hotellet ikkje kan husa alle, og me har vore nøydde til å ta i bruk andre hotell. Men dette er eit lukusproblem me lever godt med.
– Vil det seia at grepet med å ha landsmøte annakvart har vore vellukka?
– Det er det vel for tidleg å seie noko om, men i år ser det i alle fall slik ut. Det vitnar om at lokallaga har venta på og gleda seg like mykje til dette som me sentralt har gjort. Men for å vera meir alvorleg: eg trur det er eit teikn på den stadig aukande aktiviteten i organisasjonen. Medlemstalet er høgt, lokallaga har høg aktivitet og det har kome til mange nye lag berre det siste året. Då er det naturleg også å vera med på den viktigaste samlinga i organisasjonen. Dette er ein møteplass for engasjerte målfolk, og eg håpar og trur mange vil finna ny inspirasjon som dei kan å ta med seg heim.
– Er det noko du særleg vil trekkja fram?
– Eg meiner sjølvsagt at alt er like interessant, frå innleiingane om nynorsk i fagrørsla, stadnamn og sosiale medium som skal inspirera til arbeid i laga, til språkrådsdirektør Åse Wetås sin tankar om dei lange linjene i norsk språkpolitikk. Det er viktig med spenn, og det trur eg me har fått til i år, seier Endresen.
Landsmøte er meir enn berre politikk. Fleire prisar vil bli delte under møtet, og i løpet av helga skal både Helge Jordal og Sigrid Moldestad underhalda møtelyden.