Heim Nyhende Flyktningar lærer norsk i rekordfart

Flyktningar lærer norsk i rekordfart

Fleire stader i landet blir det no arbeidd for å læra flyktningar og utlendingar norsk i ekspressfart

 

Med såkalla suggestopedi eller Lozanov-metoden har det vist seg at utlendingar kan læra mykje norsk etter berre nokre veker. Det gjeld både folk med mykje, lite eller ingen skulegang.

– Metoden eignar seg også svært godt for analfabetar, seier Lisa Hartmark til Nynorsk pressekontor. Ho har saman med lærar Barbro Torvaldsen bygd opp suggestopedi i Noreg.

Erfaringane deira viser at analfabetar har lært seg å snakka ganske mykje norsk etter berre fire, fem veker med denne metoden. Etter sju veker med same typen språkopplæring har analfabetar klart å knekkja lesekoden.

– Det er nesten ikkje til å tru, seier Hartmark.

LES OGSÅ: Dette lærer flyktningane om norsk familieliv

Døropnar for flyktningar
Lisa Hartmark har heile sitt yrkesaktive liv arbeidd med flyktningar og innvandring. Det vil seia i rundt førti år. Ho har laga mange nye ordningar for flyktningar i Noreg og er mellom anna initiativtakar til introduksjonsprogrammet til Utlendingsdirektoratet (UDI) for nye innvandrarar. Dei siste åra har ho vore seniorrådgjevar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). No har ho permisjon derifrå for å undervisa flyktningar i norsk etter Lozanov-metoden.

Sjølv lærte Lisa Hartmark metodikken av grunnleggjaren, den bulgarske hjerneforskaren og psykiateren Georgi Lozanov.

Ho har sjølv teke initiativ til å omsetta læremateriellet til nynorsk, men manglar midlar til å kvalitetssikra og trykkja nynorskutgåvene.

LES OGSÅ: Flyktningar: – Snakk med oss

Humor, leik og fantasi
– Suggestopedi er ein metode som er basert på heilskap og samanheng. For å forstå det, må folk nesten oppleva det, seier Hartmark.

Ho forklarer at i motsetnad til tradisjonell språkundervisning med mykje pugging og grammatikk, legg suggestopedi vekt på å bruka eit stort spekter av andre verkemiddel. Rollespel, fantasi, aktivitetar og humor står sentralt i undervisninga. Det same gjer rim og regler, musikk, bilete og andre aktivitetar som appellerer til dei ulike sansane våre. Eit viktig mål er å få deltakarane til å senka skuldrene og ikkje tenkja på at dei skal prestera.

– Når du skal læra med stress, går det ikkje så mykje inn. Hjernen absorberer kunnskap når vi er rolege og mottakelege. Då er hjernen på sitt beste. Å læra med humor er difor eit «giga»-stikkord i undervisninga, seier Hartmark.

Med hjelp av læremateriellet ho har laga, lever deltakarane seg inn i situasjonar og får ei eiga drivkraft for å læra.

– Undervisninga skjer på ein måte som gjer at det blir morosamt på ein naturleg måte, forklarer Hartmark.

Ho fortel at dei til dømes aldri repeterer, men at dei heile tida brukar språket om igjen på nye måtar.

LES OGSÅ: Flyktningar lærer å oppdra borna sine av andre foreldre

Nøkkelen til integrering
Lisa Hartmark er overtydd om at god språkopplæring er heilt avgjerande for å lykkast med å integrera flyktningar og innvandrar. Ho meiner mykje av språkopplæringa for desse målgruppene i dag er for dårleg.

– Eg har testa elevar med lite eller ingen skulebakgrunn som har gått på norskkurs i to år utan å ha lært noko som helst. Etter 2.000 undervisningstimar kunne dei knapt seia kva dei heitte, og kor dei budde, fortel ho.

Hartmark synest dette er urovekkjande.

– Viss norske styresmakter held fram slik, endar det med at folk ikkje kan norsk. Det aukar talet på sosialklientar og fører til at folk fell utanfor i samfunnet. Dei anar ikkje korleis samfunnet fungerer, og dei manglar kunnskap om det mest elementære. Dei lever i ein totalt utanforskap og er avskorne frå alt. Eg føler difor dette er ganske alvorleg. Dei kan heller ikkje følgja opp eigne barn i skulen. Det kan ikkje vera slik at folk som bur i Noreg ikkje kan norsk, slår ho fast.

LES OGSÅ: Biblioteka satsar for syriske flyktningar

Aukande interesse
Dei seinare åra har ho Hartmark opplevd aukande interesse for språkopplæring etter Lozanov-metoden eller suggestopedi som det også blir kalla. Dei gode resultata etter denne metoden blir lagt merke til både av norske styresmakter og norske kommunar.

– Det er veldig aukande interesse no, absolutt. Her i landet er det utdanna rundt 150 lærarar i Lozanov-metoden, og mange kommunar har begynt å ta i bruk denne modellen, seier Hartmark.

Ho har inntrykk av at norske politikarar også er meir opne for andre typar språkopplæring. Før jul blei ho invitert til Stortinget for å fortelja om erfaringane sine med språkopplæring og integrering.

– Eg opplever no at det er opning for endra måtar å læra på. Det kom også med i integreringsforliket som blei vedteke før jul, seier Hartmark.

Ho legg til at ho ikkje meiner suggestopedi er den einaste rette måten å driva språkopplæringa på.

– Men det bør vera meir mangfald og fleire tilbod å læra språk på enn det er i dag. Med rett opplæring og kvalifisering kan innvandrarane bli ein viktig ressurs, seier ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...