Heim Nyhende Tilbyr gratis bruk av nynorsk programvare i eitt år

Tilbyr gratis bruk av nynorsk programvare i eitt år

Gjer det lettare å skrive korrekt og omsette frå bokmål til nynorsk.

 

Nynodata har spesialisert seg på programvare for administrasjonar med nynorsk som målform eller som bruker ei blanding av bokmål og nynorsk. Du kan enkelt skrive korrekt nynorsk, omsetje frå bokmål til nynorsk, eller søke i store tekstmengder av både bokmåls- og nynorsktekstar.

Nynodata tilbyr alle kommunar som er medlemmer i LNK gratis bruk av programvare ut april 2017. Meir informasjon på www.nynodata.no. Kontakt Nynodata for lisens, salg@nynodata.no, eller telefon 35 95 01 50.

Nyno, omsetting frå bokmål til nynorsk
Nyno er eit program for å omsette tekstar frå bokmål til nynorsk. Det blir mykje brukt i statleg forvaltning, og over halvparten av departementa og mange av universiteta har lisens for alle tilsette.  Microsoft brukte også Nyno til å omsetje Office2003 til nynorsk. I ein rapport for Norsk språkråd (Everson/Trosterud, 2000) blei effektiviteten av Nyno målt og samanlikna med manuell omsetting av programvaretekst. Rapporten konkluderte med ein tidsreduksjon på kring 70 prosent for testmaterialet.

Ei av dei sterke sidene ved programmet er språkmalane, som gir høve til å velje kva slags nynorsk ein vil skrive, for eksempel i samsvar med vedteken målbruksplan. Meir informasjon på www.nynodata.no/nyno.

I nynorskkommunane er Nyno særleg nyttig for tilsette med bokmålsbakgrunn som kjenner seg utrygge når dei skal skrive nynorsk. I tillegg kan det brukast til omsetting av tilsende bokmålstekstar som ein ønskjer å publisere på nynorsk.

Ordrik, ordbøker for nynorsk
Ordrik kan brukast av alle som skriv nynorsk. I tillegg til nynorsk bøying og ordforklaring, ligg der i programmet ei stor bokmål-til-nynorsk-ordbok på over 70.000 oppslagsord, alle med bøying.

Ordrik gir mykje meir informasjon enn tradisjonelle ordbøker. Det er lett å finne fram i, er pedagogisk tilrettelagt og gir hjelp til å prioritere kva valfrie nynorskformer ein vil at dei tilsette skal bruke.

I nynorskkommunane er Ordrik særleg nyttig for tilsette som i utgangspunktet skriv nynorsk. Ei stor bokmål til nynorsk ordbok gir ekstra hjelp der ein kjenner seg utrygg på nynorske avløysarord til bokmål.

Norsøk
Nynodata har brukt ressursar frå Nyno og tilleggsressursar frå Universitetet i Oslo til å utvikle Norsøk som eit norsk temasøk. Norsøk gir oss parallellsøk og synonymsøk på bokmål og nynorsk og finn informasjon på tvers av målformer, bøyingsformer og stilistiske variantar. Behovet for parallellsøk på bokmål og nynorsk er spesifikt nemnt i regjeringas kulturmelding hausten 2003.

Temasøket kan også brukast som einspråkleg synonymsøk, bokmål eller nynorsk, og kan nyttast ved alle typer informasjonssøk, database, fritekstsøk, intranett, Internett. Meir informasjon på http://www.nynodata.no/norsok. Testside på www.oversett.no.

I nynorskkommunar er Norsøk særleg nyttig for tilsette som skal søke i intranett som har blanding av bokmåls- og nynorsktekstar. På sikt kan dette bli endå meir relevant der fleire kommunar med ulik målform slår seg saman. I tillegg hjelper det publikum til å finne relevant informasjon på heimesidene, anten ein søker på bokmål eller nynorsk. Anten ein søker på hjemmesykepleie eller heimesykepleie eller heimesjukepleie eller hjemmesjukepleie finn ein dei same tekstane. Normalt gir søkemotorane ulikt resultat på dette.

Nynodata har i meir enn 20 år levert nynorsk programvare til statleg sektor.

– Vi ser no at programvara kan vere til stor hjelp også for kommunane, og kan i samarbeid med LNK tilby kommunane å ta i bruk programma. Utan vilkår i 1 år, seier dagleg leiar i Nynodata Bjørn Seljebotn (bildet).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...