Heim Nyhende Bergen og nabokommunane einige om samanslåing

Bergen og nabokommunane einige om samanslåing

Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger er einige om ein intensjonsavtale om å slå seg saman til ein ny storkommune. Viss prosessen kjem i hamn, skal kommunen heite Bergen og blir språknøytral, skriv Bergens Tidende.

 

– Vi skal utvikle arbeidsplassar og høg livskvalitet aust for Ulriken, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

Ein intensjonsavtale er ikkje ein endeleg avtale om samanslåing. Først må avtalen godkjennast. Vaksdal skal ha folkeavstemming 30. mai, og det er uvisst om avtalen får fleirtal når kommunestyret på Osterøy skal behandle saka i juni.

– Det er òg viktig at den lokale identiteten i Vaksdal og Osterøy kan utvikle seg i ein ny felleskommune, seier Schjelderup til Bergens Tidende.

Viss avtalen blir godkjent, skal kommunen etablerast frå 1. januar 2020. Kommunen skal da heite Bergen og bruke byvåpenet til Bergen. Osterøy, Vaksdal og Samnanger skal saman med bydelen Arna utgjere ein ny bydel med namnet Oster.

Den nye kommunen blir etter intensjonsavtalen språknøytral, slik Bergen er i dag. Både Osterøy, Vaksdal og Samnanger har nynorsk som administrasjonsspråk.

Skule og heimetenestestrukturen skal i hovudsak halde fram som i dag. Det som skal samlast, er dei administrative tenestene og oppgåver som krev spesialisert kompetanse. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...