Heim Nyhende Vil kutte kommunetalet i Buskerud kraftig

Vil kutte kommunetalet i Buskerud kraftig

Fylkesmann Helen Bjørnøy i Buskerud vil redusere dei 21 kommunane i fylket til seks eller ni nye kommunar.

 

Anbefalingane vart sendt ut til kommunane 2. mai. Fleire har meint at den tidlegare miljøvernministeren frå SV truar dei saman, skriv Klassekampen.

Fylkesmannen vil ha ein ny storkommune rundt Drammen, samanslåing mellom Kongsberg og naboane og ein storkoalisjon i Hallingdalen. Fleire stadar anbefaler ho samanslåing der kommunane sjølv har vedtatt at dei vil stå åleine, mange av dei etter folkeavstemming.

Bjørnøy forklarar at anbefalingane er laga etter to år med dialog med kommunane.

– Eg har valt å gi ei førebels skisse ut ifrå vedtak som kommunane førebels har fatta og hensikta med reforma, seier ho. Fylkesmannen seier kommunane må grunngi vedtaka sine ut ifrå dei fire måla regjeringa har sett for reforma.

Kommunane skal no vurdere demografi, kompetanse, sårbare grupper og korleis dei tenkjer å få til ei overordna samfunnsutvikling når kommunane gror saman. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...