Spør vinden og ny gjendikting av Olav H. Hauge.
1. juni kjem Bodil Cappelen og les Hauge-dikt saman med felespelaren Knut Hamre og sopranen Ranveig Lægreid i framsyninga Spør vinden. Frå USA kjem forfattar Olav Grinde og forleggar Dennis Maloney for å presentera ei ny og omfattande gjendikting av Hauge på engelsk.
– Det er første gongen at denne førestillinga blir framført i Ulvik, og me er spesielt glade for at Bodil bidreg ved dette spesielle høvet, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland i ei pressemeldng.
Spør vinden er ei musikalsk og lyrisk framføring inspirert av diktinga til Olav H. Hauge der Bodil Cappelen les utvalde dikt. Hardingfelespelaren Knut Hamre, som også var ein nær ven av Hauge, spelar folketonar frå Hardanger med song av Ranveig Lægreid. Ranveig, som kjem frå Eidfjord, er utdanna klassisk songar, men er oppvaksen i folkemusikktradisjonen, så dette er tonar som ligg hennar hjarta nær.
Luminous Spaces er den til no mest omfattande gjendiktinga av Olav H. Hauge på engelsk og kom nyleg ut i USA. I tillegg til over 300 dikt inneheld boka eit utval dagbokomsettingar som innleiing til alle dei 7 diktsamlingane som utvalet inneheld. Bodil Cappelen har også gitt løyve til gjendikting av 16 dikt som vart funne etter Hauges død. Olav Grinde har gjendikta ei rekkje norske lyrikarar til engelsk. Mellom dei Rolf Jacobsen, Stein Mehren, Marie Takvam, Eldrid Lunden og Hans Børli. Gjendiktinga av Olav H. Hauge inkluderer også dagbokutdrag og skil seg i tillegg ut med breitt diktutval frå heile forfattarskapen.
Olav Grinde og forleggar Dennis Maloney besøkte Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i Ulvik i 1990. Dette var startpunktet for det omfangsrike arbeidet som no føreligg. På Hauge-senteret blir det høve til å høyra meir om arbeidet med gjendiktinga og møte med Olav og Bodil. Dei vil også framføra fleire av gjendiktingane før kveld blir avslutta med Spør Vinden.
– Arbeidet til Grinde og forleggaren er særs viktige bidrag for å gjera Hauges dikting kjent for amerikanske og engelskspråklege lesarar, og det er gledeleg å sjå at Olav H. Hauge stadig er aktuell også utanfor Noreg, avsluttar Netland.