Heim Nyhende Stortinget vil desentralisere Kulturrådet

Stortinget vil desentralisere Kulturrådet

Stortingsfleirtalet vil spreie Kulturrådet meir enn det rådet sjølv har foreslått.

 

Eit fleirtal med Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet i spissen vil gi distrikta meir makt over pengebruken, skriv Klassekampen.

Kulturrådet har sjølv i eit notat til Kulturdepartementet tilrådd at det blir oppretta eit nytt regionkontor for kreative næringar enten i Bergen eller Stavanger. Da får i så fall 6– 12 av dei rundt 120 tilsette i Oslo tilbod om å flytte vestover.

– Eg synest det er ein tynn rapport Kulturrådet kjem med, og som kulturministeren umogleg kan vere fornøgd med. Det Kulturrådet leverer, er meir ei forklaring på kva rådet gjer, enn ein moglegheitsstudie for regionalisering, seier Hege Liadal (Ap), som ønskjer seg ei større utgreiing om dette.

– Behov for gjennomgang

Med Ap på laget er det fleirtal i Stortinget for å gjere større endringar i organiseringa av Kulturrådet, slik regjeringspartia H og Frp gav signal om at dei ønskte, alt i regjeringsplattforma. Det synest kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) er interessant.

– Det er interessant at det er ønskeleg med meir utflytting, men det er behov for å gå grundig gjennom dei enkelte forslaga før det blir konkludert, seier Helleland i ein e-post til Klassekampen.

Ho synest òg forslaget om å etablere ei avdeling for kreativ næring utanfor Oslo er interessant, men strekar under at det må vere rom for andre forslag.

Framlegg til hausten

Helleland reknar med å leggje fram eit eige forslag for Stortinget i samband med statsbudsjettet til hausten.

Kulturrådet forvaltar nærare 1,2 milliardar kroner til kunst- og kulturprosjekt over heile landet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...