Heim Nyhende Boklansering og verdslitteratur i Ulvik

Boklansering og verdslitteratur i Ulvik

Under Ulvik poesifestival fredag 9. september lanserte Bodil Cappelen boka Tanke og draum er himmelske verktøy, med eit nytt utval tekstar frå Olav H. Hauges dagbok.

Utvalet er gjort med vekt på tekstar Hauge skreiv om verdslitteraturen i dagbøkene sine gjennom eit heilt liv.

Hauge skreiv dagbok heile livet og verket Dagbok 1924–1994 er eit unikt litterært prosjekt med sine 3700 sider. Hauge har vore med å ta verdslitteraturen til Noreg, både gjennom dagbøkene og omsetjingane sine, og fleire stader under Poesifestivalen denne helga løfter vi blikket ut i verda.

Laurdag kom fire av dei mest aktuelle nordiske poetane kjem til Ulvik. Ruth Lillegraven (Noreg) har fått svært gode kritikkar for dei to diktsamlingane som kom i haust. Niillas Holmberg (samisk, Finland/ Sverige) har motteke mange prisar dei siste åra. Gyrðir Elíasson (Island) og Pia Tafdrup (Danmark) har båe vunne Nordisk råds litteraturpris, og Tafdrup gav i vår ut Lugten af sne. Journalist Jan H. Landro leier dette nordiske meistermøte.

Søndag møter du tre forfattarar som alle har eit nært forhold til både Hauge og verdslyrikken. Ashur Etwebi frå Libya, Paal-Helge Haugen og Gyrðir Elíasson frå Island samtalar om kva Hauge, verdslyrikken og deira eigne dikt har til felles, og kva som skil dei.

Same dag blir det eit musikalsk møte med den skotske nasjonalpoeten Robert Burns. Burns er gjendikta til nynorsk av Johannes Gjerdåker og no har Gabriel Fliflet sett nye melodiar til desse gjendiktingane.

Olav H. Hauge(1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida. Den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Hauge debuterte som forfattar i 1946 og gav også ut fl eire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...