Fylkesmannen grunngjev dette med at denne konstellasjonen vil gi ein sterk kommune med meir enn 8.000 innbyggjarar, skriv Fjordenes Tidende. Det vil bli den fjerde største i fylket.
Fylkesmann Anne Karin Hamre viser til at dei to kommunane vil møte like utfordringar i framtida, med svak folketalsutvikling og ein sterk auke i eldre over 80 år. Ho viser også til at begge dei to kommunane har små og sårbare fagmiljø, både innanfor helse og sosial og planlegging. Rekruttering til leiarstillingar er også ei utfordring i dei to kommunane. Som ein kommune vil dei få ei større breidde i fagmiljø og vil lettare kunne rekruttere den kompetansen ein treng. Hamre meiner også dei to kommunane vil skape ein sterk kystkommune med eit godt og variert næringsliv.
Vågsøy har tidlegare gjort vedtak på at dei vil slå seg saman med Selje, men Selje har derimot gjort vedtak på at dette alternativet blir for lite.
Fylkesmannen tilrår også at Sogne-kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand slår seg saman til ein storkommune. Hornindal i Nordfjord er tilrådt å slå seg saman med Volda på Sunnmøre. Den allereie vedtatte storkommunen i indre Sunnfjord (Førde, Jølster, Gaular og Naustdal) er også ein del av tilrådinga. Dette blir den største kommunen i Sogn og Fjordane, med 22.000 innbyggjarar. Det er også det einaste tilfellet i heile landet der fire kommunar går saman til ei eining. (©NPK)