Heim Nyhende 60 kommunar bør slåast saman med tvang

60 kommunar bør slåast saman med tvang

Fylkesmennene føreslår at 60 kommunar skal slåast saman med tvang til våren, viser ei ny oppteljing.

Kommunal Rapport har gjort ei oppteljing etter at alle fylkesmennene har gitt tilrådinga si til Kommunaldepartementet. Her kjem det fram at 60 kommunar blir føreslått slått saman, eller får ei sterk oppfordring om å skifte standpunkt før nyttår, sjølv om kommunen har sagt nei til samanslåing.

Halvparten av forslaga om tvang kjem i Akershus, Møre og Romsdal og Nordland.

I Hedmark, Oppland, Vestfold, Hordaland og Nord-Trøndelag er det ikkje føreslått nokon bruk av tvang.

I ein del av kommunane som no ifølgje fylkesmennene skal tvingast saman, ligg det føre intensjonsavtalar – som seinare har blitt stoppa.

Dei ulike forslaga inneber at det skal bli 321 kommunar frå 2020, langt fleire samanslåingar enn det som er vedteke frivillig. Regjeringa skal til våren legge fram proposisjonen sin om kommunestruktur. Deretter skal den behandlast i Stortinget.

– Talet på kommunar blir betrakteleg redusert dersom det blir tvang. Det blir spennande å sjå om regjeringa går vidare med råda når dei skal legge fram forslaget sitt for Stortinget, og i neste omgang kva Stortinget gjer, sa forskar Yngve Flo ved Uni Research Rokkansenteret til NTB måndag.

Det er ein politisk risiko for regjeringa å ta med anbefalingane om tvang vidare i prosessen, peikar han på. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...