Regjeringa vil at Norsk kulturråd skal etablere eit kontor kalla Kreativt Noreg utanfor Oslo.
Kreativt Noreg skal arbeide for å styrkje kunnskapen om og forståinga for verdiskapingspotensialet i kunst og kreativ næring og gi moglegheiter for auka kunstnarinntekter utanfor det etablerte institusjonsfeltet, heiter det i forslaget til statsbudsjett.
Regjeringa foreslår å setje av 7 millionar kroner til etableringa. (©NPK)