Heim Nyhende LNK ute av statsbudsjettet

LNK ute av statsbudsjettet

Ei samla nynorskrørsle står bak kravet om å få Landssamanslutninga av nynorskkommunar inn igjen i statsbudsjettet. LNK fryktar konsekvensane av å mista statsstøtta.

– Vi er sterkt uroa over at Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) ikkje ligg i statsbudsjettet, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Eit samla nynorskmiljø har prioritert fast årleg støtte til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Kommune- og regionreforma held fram, og då burde regjeringa ha greidd å finne pengar til det viktige språkpolitiske arbeidet som Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad i ei pressemelding.

– Står ikkje støtt

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er sjølvsagt glad for den sterke støtta LNK får frå resten av nynorskrørsla. Han er uroleg for situasjonen til LNK dersom ein ikkje får på plass statsstøtta. Frå 2015 mista LNK støtta frå kulturdepartementet, men kommunalkomiteen på Stortinget har sikra støtta til det viktige arbeidet gjer for nynorsk i kommunane.

– LNK har tre økonomiske bein å stå på, 20 prosent av inntektene kjem frå medlemskontingent, 20 prosent frå statsstøtta og 60 prosent er eigeninntekter. Dersom ein fjernar eitt av desse beina, står ikkje organisasjonen støtt lenger. LNK kjem til å arbeide vidare med dette ut over hausten, lovar Vidare Høviskeland.

I tillegg til å hjelpa til med nynorskarbeidet i kommunane, står LNK bak dei mest brukte nynorske tilboda til barn og unge på nett; Pirion, Magasinett og Framtida.no. Samla har desse over 400.000 brukarar per år.

Ingen spenstige, nye tiltak

Noregs Mållag peikar på at regjeringa legg fram eit statsbudsjett som manglar visjonar for nynorskinstitusjonane. Nynorsk Forum, som samlar alle nynorskinstitusjonane, har sett opp ei samla prioritering. Der står auke i tilskotet for Nynorsk Pressekontor med 500.000 kroner øvst på lista. Dei treng auka løyving for å få vidareført satsinga saman med NTB på nynorske aktuelle saker og notisar. Denne tenesta er svært viktig for å sikra nynorske aviser og meir nynorsk i språkdelte aviser.
 
Dessutan har Nynorsk Forum prioritert driftstilskot på 1,2 millionar kroner til Vinje-senter i Vinje i Telemark, og digitalisering av Norsk Ordbok. Nynorskorganisasjonane er skuffa over at det er ikkje funne midlar til dette.

– Stortinget må ikkje gje avkall på språkpolitikken

I statsbudsjettet gjer Kulturdepartementet framlegg om å leggja løyvingane til ein del språkorganisasjonar og språktiltak inn under Språkrådet.
 
– Å flytta språkorganisasjonane ut på sidelinja gjer at seinare diskusjonar om løyvingane til desse tiltaka blir redusert til ein indre strid mellom ulike språktiltak. Dersom den samla ramma til Språkrådet går ned om eit par år, er det då kvensk eller bokmål vi skal slåst for at taper i kampen mot oss om midlane? spør Gro Morken Endresen i Noregs Mållag.
 
– Vi bed Stortinget gjera vedtak om å vidareføra dei språkpolitiske tiltaka som eigne budsjettpostar på kulturbudsjettet, ikkje akseptera å mista ansvaret, seier Gro Morken Endresen.

– Språkpolitikk og forvaltning av språka våre høyrer heime i Stortinget, understrekar ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...