Heim Nyhende – Eg veit ikkje korleis eg skal læra bort nynorsk

– Eg veit ikkje korleis eg skal læra bort nynorsk

Lærarstudentane Tage Pedersen Dorholt og Julie Bjørnstadjordet gjekk på Nynorsk motivasjonsdag etter oppmoding frå førelesaren sin.

– Eg var svært lite motivert for å læra nynorsk, så eg veit ikkje korleis eg skal læra det bort, medgjev Tage Pedersen Dorholt frå Lunde i Telemark.

21-åringen er førsteårsstudent på allmennlærarutdanninga frå 5.-10. trinn på Høyskolen i Oslo og Akershus.

På oppmoding frå ein førelesar har han og medstudent Julie Bjørnstadjordet (20) fått fri frå praksisperioden for å delta på Nynorsk motivasjonsdag.

Seminaret vart skipa av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Oslo Mållag.

Kvifor nynorsk?
Onsdag var rundt 130 lærarar frå Oslo og Akershus samla på ein fullstappa Bikube på Det Norske Teatret for å få inspirasjon til korleis undervisa betre i nynorsk.

– Eg tenkjer det er mange elevar som vil kome til oss med spørsmål om kvifor dei skal læra nynorsk. No får me eit litt betre svar på det og inspirasjon til å fornya undervisninga, slik at det ikkje vert dei same, gamle, demotiverande greiene, seier Bjørnstadjordet.

20-åringen hugsar nynorskundervisninga på ungdomsskulen som lite motiverande.

– I tillegg er det ofte eldre søsken eller vener som snakkar det ned, seier ho.

Lærarstudenten meiner at dei fleste elevane ikkje lærer nynorsk godt nok til at dei opplever meistringskjensle.

– Me har lært at ein kan bruka fleire, men kortare tekstar. Slik føler ikkje elevane at dei får vatn over hovudet. For sjølv om det er mykje som er likt bokmål, er det òg mykje som er annleis, seier ho. 

Slik såg det ut når kring 130 lærarar frå Oslo og Akershus samla seg for Nynorsk Motivasjonsdag på Det Norske Teatret, arrangert av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Oslo Mållag. 

Korleis gjera nynorsk kult?
Marit Lovise Brekke frå Nynorsksenteret i Volda kom med ei klar oppmoding til lærarane om å bruka ressursane dei har tilgjengeleg og gjerne ta kontakt for felles prosjekt.

I tillegg haldt lektor og leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn heldt innlegg om korleis gjera nynorsk kult for austlandselevar. Her trekk han fram ein illustrasjon som Arild Midthun teikna til Erna Osland si bok Ivar Aasen. Ei historie om kjærleik.

– Eg trur at biletet av Ivar Aasen som gamal gubbe forstyrrar litt. Ein må få fram at han byrja å skriva om språket som 22-åring. Han var ein ung idealist, som var oppteken av å samla språket til bøndene, framfor folk i hovudstaden. Denne rettferdstanken trur eg appellerer til unge, seier Magne Aasbrenn som har vore lektor ved Fredrik II videregåande skole i Fredrikstad i ei årrekkje.

Aasbrenn sitt viktigaste tips til lærarane er å la elevane lesa ekte publikasjonar, framfor resirkulerte skuleoppgåver.

– Ein kan nytta levande nynorskblad som lokalaviser og Framtida.no. Eit tips for å finna nynorsk på nett er å skriva ikkje i Google, då unngår ein stoff som ser fem generasjonar gamalt ut.

LES OGSÅ: Slik bruker me Framtida.no i sidemålsundervisinga!

Vitamininnsprøyting
Dagen derpå er leiar i Fylkesmållaget Vikværingen, Håvard Tangen, strålande nøgd.

– Det er ikkje ofte ein klarar å mønstre så mange ikkje-medlemmer. Det var nesten like mange som kjem på landsmøtet til Noregs Mållag, men her var eit fåtal medlemmer. Det var mange nyfikne lærarar som hadde lyst å få meir kunnskap og utvikla seg. Det trengs alltid vidareutdanning og ei vitamininnsprøyting – og det er jo det me driv med, seier Tangen.

Han håpar det vert fleire store motivasjonsdagar i hovudstaden. I tillegg ser Tangen for seg at lærarar i andre regionsenter – som Bergen, Stavanger og Trondheim – kan ha nytte av eit slikt seminar.

LES OGSÅ: Oslo-elevar byter til nynorsk. Han ville finna ut kvifor

LES OGSÅ: Tilrår jamleg dusj med nynorsk

LES OGSÅ: Framtidas superlærarar kan nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...