Heim Nyhende Skipar mållag i LO

Skipar mållag i LO

– Målrørsla og fagrørsla har mykje til felles, meiner mållagsleiar Magne Aasbrenn, som får støtte av LO-leiar Gerd Kristiansen.
LO-leiar Gerd Kristiansen opnar armane for meir nynorsk i LO-administrasjonen og ønskjer gode råd og innspel frå Noregs Mållag.

– Eg er òg medlem, sjølv om eg ikkje snakkar nynorsk, seier Kristiansen.

Ho vart verva inn i målrørsla av supervervaren Oddny Miljeteig, som slo fast at ein LO-leiar ikkje kunne la vere å vere med i Noregs Mållag.

Kva skal laget heite?

Både LO og Noregs mållag har gjort vedtak på at dei ynskjer å samarbeida. Onsdag 10. november var det endeleg duka for offisiell skiping av det nye mållaget i LO sine lokale ved Youngstorget i Oslo.

LO-leiar Gerd Kristiansen slo fast at målsaka er viktig i fagrørsla, sjølv om det ikkje kampsaka deira.

– Me har ikkje alltid gått i front, men det betyr ikkje at det ikkje er viktig for oss. Historisk sett har me mange fellesinteresser med dykk, sa Kristiansen til dei frammøtte.  

I 2013 var første gong LO gjorde eit vedtak om nynorsk. Kongressen slo då fast at organisasjonen vil arbeida for likestilling mellom nynorsk og bokmål i arbeidslivet og samfunnet elles.

I det legg Kristiansen mellom anna at alle LO sine tilsette står fritt til å velja eiga målform.

Ho meiner det er viktig med haldningsskapande arbeid, slik at jamstelling mellom språka er like sjølvsagt for alle tilsette. LO-leiaren håpar difor at mållaget kan hjelpa LO med innspel om korleis skapa meir engasjement og styrka målsaka.

På skipingsmøtet valde dei frammøtte mellombels styre og namn. LO-sekretær og pådrivar for det nye laget, Are Tomasgard, er leiar i det som no heiter Mållaget i LO-administrasjonen. Saman med skrivar Øyvind Rongevær skal han førebu og halda det første årsmøtet innan  utgangen av februar 2017. Då vil namn vere eit naturleg tema.

– Det spørs om me skal ha medlemstilfanget her i administrasjonen, eller om medlemmane i forbunda kan bli med, seier Rongevær, som er utreiingsleiar i LO.

Han kan avsløra at fleire allereie har lurt på om dei kan få bli med.

– Mykje til felles

Mållagsleiar Magne Aasbrenn meiner fagrørsla og målrørsla har mykje til felles.

– Det gjeld både strukturen, frivilligheita og at det handlar om kva ein har rett på, understrekar han.

Mållagsleiaren håpar at LO vil følgja opp med ei arbeidsgruppe, som kan sjå på korleis betra nynorsken sine kår i organisasjonen, som har 200 tilsette og nesten 920.000 medlemmer fordelt på 25 ulike forbund.

– Språk er makt og med LO på laget føler eg at me får makt bak språket, avslutta Aasbrenn.

Han meiner ein god plass å starta er med ei ordliste, der dei tilsette kan lese seg til kva orda dei brukar er på nynorsk.

For Haakon Aase, som har lang fartstid i fagrørsla og sit som 1. vara i styret i Noregs Mållag, er draumen å få tariffavtalar eller sjølve hovudavtalen på nynorsk.

Den ferske leiaren i Mållaget i LO-administrasjonen er einig i at ordlista er ein naturleg stad å starte.

– Me må ta små stødige skritt, seier Tomasgard og understrekar at denne skipinga er eit viktig skritt på vegen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...