Heim Nyhende – Oooh, Bjørn Sortland, me elskar deg

– Oooh, Bjørn Sortland, me elskar deg

Festivalforfattar Bjørn Sortland fekk sin eigen songhyllest då han blei bokbada av ungdomen på Falturiltu.

– Taco eller pizza?

– Kan de skriva når de vil?

– Kva gjer de når de får skrivesperre?

– Er det noko spesiell mat de et når de skriv?

Spørsmåla er mange og skarpe når elevane ved 9. trinnet på Stord Ungdomsskule bokbadar forfattarane Bjørn Sortland, Ingelin Røssland og Terje Torkildsen, som vitjar litteraturfestivalen Falturiltu på Stord. I forkant av festivalen har elevane lese og jobba med bøker av forfattarane, som svarar villig på alt.

– Eg har innreia kontoret mitt som ein amerikansk diner med pølsegrill, så eg et altfor mykje pølser, svarar Sortland på det siste spørsmålet. – Og eg likar ikkje pølser ein gong, legg han til.

Les også om kvifor Bjørn Sortland er lei av å bli spurt om kvifor han skriv barnebøker: Drivne av eigne lesegleder

09kulFalturiltu-3886
Frå venstre: Bjørn Sortland, Ingelin Røssland, Terje Torkildsen. Foto: Henrik Mundal Andeassen / Sunnhordland

Skyt med pistol
Falturiltu feirar i år tiårsjubileum som verdas einaste nynorske barne- og ungdomsbokfestival med eit omfattande program både for unge og vaksne. Under bokbadet på tysdag fekk årets festivalforfattar, Bjørn Sortland, var så heldig å få sin eigen song frå elevane.

– Oooh, Bjørn Sortland, me elskar deg, du skriv så fint. Det er så detaljert, det er nesten som om eg var der, song Alberto Seidel, Sløve Bjelland Bratland og Jørgen Rundhovde Johnsen til sarte ukulele-tonar frå Daniel Vik. Elevane frå 9a-klassen har mellom anna lese boka 12 ting som må gjerast rett før verda går under frå 2001, ei av dei over 50 bøkene Bømlo-forfattaren har gitt ut.

– Kva likar du å gjera når du ikkje skriv?, spør intervjuar Maja Sadowska under bokbadet etterpå.

– Eg skyt med pistol. Det er meditasjon for meg, for du må pusta rett og konsentrera deg, svarar Sortland, og fortel at han blei sparka ut av si første karateøving fordi han lo under meditasjonen.

– Då er det enklare med pistol, seier han, til forskrekka gisp frå salen.

Les om fleire av innslaga på Falturiltu: Kvammen og Sortland til Folk og Finn

09kulFalturiltu-3862
Frå venstre Kaja Skåtevik Skjønberg, Celina Hauge Vatna, Tiril Kjempenes Kehr og Kaja Stangeland i dansenummeret om Ingelin Røssland. Foto: Henrik Mundal Andeassen / Sunnhordland

Veldig i mi ånd
Også Celina Hauge Vatna, Kaja Stangeland, Kaja Skåtevik Skjønberg og Tiril Kjempenes Kehr klinka til med eigenskriven song til melodien av «Jingle Bell Rock» i si framføring om ein av dei andre forfattarane på bokbadet:

– Ingelin, Ingelin, Ingelin Røssland, skriv på nynorsk, retta mot ungdom, syng dei i kor.

Jentene frå 9e-klassen har lese boka Engleslakt av den røynde ungdomsbokforfattaren frå Tysnes, som fekk rosande omtale i songen. Dei dramatiserte også utdelinga av Falturiltu-prisen til Røssland i 2011, og ein skjelvande «forfattar» fortalde om livet sitt som skodespelarstudent, journalistspire og forfattar i «takketalen» frå scenen.

– Veldig rørande, og veldig i mi ånd. Eg trur eg også ville ha gjort noko sånt då eg var på same alderen, sa Røssland sjølv då elevane inviterte henne til scenen etter framføringa.

– Kan du skildra ein vanleg kvardag for deg, og gjer du noko spesielt for å koma i skrivemodus?, ville dei vita.

– Akkurat no er min kvardag at eg ikkje får til å skriva noko som helst, innrømte Røssland med ein sjølvironisk latter. – Men eg prøver, la ho til, og kunne fortelja at det i alle fall skal koma ei ny bok frå henne i 2018, når ho feirar 20-årsjubileet sitt som forfattar.

Meir om Falturiltu her!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...