Heim Nyhende Vil ha folkerøysting om ny vestlandsregion

Vil ha folkerøysting om ny vestlandsregion

Eit stort fleirtal i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer ei folkerøysting om ein ny vestlandsregion, viser ei fersk meiningsmåling frå NRK.

Fylkespolitikarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing, som er ute på høyring med frist 23. november. Ei meiningsmåling bestilt av NRK viser at 72 prosent av dei spurde ønskjer at det blir gjennomført ei folkerøysting før saka blir avgjort.

Men fylkesordførarane meiner det ikkje er nok tid til å få til ei folkerøysting.

– Regjeringa har pålagt oss veldig korte tidsfristar her, så det har noko med den praktiske gjennomføringa å gjere. Men vi trur også breie høyringar kan gi veldig gode svar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland.

Ønsket om ei avstemming er størst blant folk i Sogn og Fjordane, medan folk i Hordaland er minst opptekne av at det blir utført folkerøysting. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...