Heim Nyhende Mari (25) frå Bærum kan alle kommunane i Sogn og Fjordane på...

Mari (25) frå Bærum kan alle kommunane i Sogn og Fjordane på rams

Mari Severinsen arbeider med å førebu Sogn og Fjordane på klimaendringar – på nynorsk.

Etter fem å som student i Bergen flytta Mari Severinsen frå Bærum til ei lita bygd ved Sognefjorden. At arbeidsspråket hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er på nynorsk, tykkjer ho berre er rett og rimeleg.  

– Eg har alltid likt nynorsk, og tykkjer det er viktig for den norske kulturhistoria. Men eg var ikkje særleg god i nynorsk på skulen. Venene mine lo då eg fortalde at eg skulle flytte til Sogn og Fjordane og skrive nynorsk på jobb.

Mari er busett i Sogndal, ein kommune med om lag 10.000 innbyggjarar. Kvar dag pendlar ho til Leikanger, bygda som er administrasjonssenter for fylket.

– Naturen og utsikta langs fjorden er flott, så det er heilt fint å starte arbeidsdagen med ein busstur på 20 minutt, fortel ho.

LES OGSÅ: Nedtur for Torkjell (20) – fekk sveinebrevet på nynorsk

Las romanar for å lære nynorsk

Dei to første vekene i jobben vart Mari innkvartert på campingplassen på Leikanger, før ho fann seg ei leilegheit i Sogndal. Der starta ho arbeidet med å lære seg nynorsk.

– Eg las «Parissyndromet» av Heidi Furre og «Slåttekar i himmelen» av Edvard Hoem for å bli kjend med det nynorske språket, og fekk eit kart over fylket for å pugge alle kommunane.

Ho kan dei fortsatt, og listar opp 26 kommunar medan peikefingeren plasserer dei på eit usynleg kart på bordplata.

– Eg har ikkje lært meg alle kommunesentra enno, men nokre av dei er enkle fordi dei har så like namn. Byen Florø i kommunen Flora, og Nordfjordeid i Eid kommune, til dømes. Andre, slik som Sandane i Gloppen kommune, er ikkje alltid så lett å hugse.

– Eg har eit mål om å besøke alle kommunane, og har ein kollega som nytta sommaren og hausten på å gå på tur til ein fjelltopp i kvar kommune i fylket. Sogn og Fjordane er eit stolt fylke, og eg som er ny her synest at det er viktig å lære så mykje eg kan om fylket. Å bli kjend med og sette pris på kommunane er jo på eit vis ein del av jobben vår.

(Saka held fram under kartet.)

Kart over Sogn og Fjordane frå Store Norske Leksikon.   

Førebudd på endringar
Mari er ein del av eit team på fire personar som arbeider med samfunnstryggleik og beredskap hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Eg hadde lyst til å jobbe i forvaltinga, seier Mari, som fordjupa seg i klimaberedskap i masteroppgåva ved UiB.

I Sogn og Fjordane er det berre 2 av 26 kommunar som ikkje har kystlinje, så havstiging og endringar i nedbør vil føre til store konsekvensar for fylket.

– Framtidig klimaendringar endrar behovet for beredskap. Det er venta at Vestlandet får 40 prosent auke i sesongnedbør innan 2100, og det er klart at det kjem til å endre risiko for skred og flaum, samt potensialet for andre naturkatastrofar knytt til vêret, seier ho.

Både tettstader og infrastruktur i fylket er utsett for endringar i klimaet i framtida.  

– Fleire plassar i fylket vil slite med infrastruktur som er bygd for lågt. Vegen eg pendlar kvar dag ligg tett til fjorden, og er til dømes nokså utsett for ekstremvêr, seier Mari.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå bygda

Nynorsk på jobb
I arbeidet hos Fylkesmannen har Mari og kollegaene hennar ansvaret for å bistå kommunane i arbeidet med å planlegg på ein måte som sikrar at samfunnstryggleiken blir teke tilstrekkeleg omsyn til. Dette gjeld mellom anna effektane av dei forventa framtidige klimaendringane.

– Ordet vi nyttar er «klimapåslag», dei endringane vi ser føre oss at kjem til å skje i framtida. Og sjølv om folk på vestlandet slår meg som tilpassingsdyktige, er vi nøydd til å ta førehandsreglar når vi bygger nytt og planlegg utvikling av regionen, seier ho.  

Arbeidsdagen hos Fylkesmannen er også full av andre faguttrykk, fleire av dei med tydeleg nynorsk «klang».

– Orda «synfaring» og «motsegn» nyttar eg nokså ofte. Synfaring er blant mine favorittord på nynorsk, fortel Mari.

Som offentleg tilsett er Mari pålagt å svare med same målform som dei mottekne breva. Ho fortel at det går relativt greitt å skrive nynorsk etter nokre månader i jobben.  

– Faget mitt er på nynorsk no, og det går stort sett fint å skrive nynorsk på jobb. Det hender likevel at eg byter til bokmål i interne dialogar. I nokre av eposttrådane mellom meg og kollegaene mine kan ein sjå at eg har skrive annakvar epost på nynorsk og bokmål, avsluttar ho.  

LES OGSÅ: Nynorskkommune har Noregs beste slagord!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...