Heim Nyhende Difor er det så viktig med høgtlesing på nynorsk

Difor er det så viktig med høgtlesing på nynorsk

Eli Bjørhusdal meiner bokmålsbading av barnehageborn fører til språkleg usikkerheit. Ho slår eit slag for høgtlesing på nynorsk.

– Me må lasta språket ned frå kulturen vår. Sjølv om ein er fødd med evna til språk, så får ein ikkje tileigna seg denne evna viss ein ikkje blir eksponert. Ungar utviklar evna med innputt, seier Eli Bjørhusdal, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Fredag 11. november heldt ho innlegg på barnehageseminaret til Falturiltufestivalen på Stord.

Ifølgje Bjørhusdal tyder alt på at skriftsspråkstimulering vil bli endå meir sentralt i den nye rammeplanen som er ute på høyring.

Viktig høgtlesing

Eli Bjørhusdal viser til fleire gode grunnar for kvifor det er viktig med høgtlesing:

• Nærvær, ein måte å visa omsorg på.

• Motivasjon for skrift

• Inviterer til vidare samtale

• Strukturen i forteljingane er enkle å bruka

• Illustrasjonar støttar meiningsskaping

• Vaksenspråklege modellar

• Hjelper ungane å relatera bokstav til lyd.

• Kan vera verdifullt for barnehageborn å lesa opp teksten med ord.

Bjørhusdal viser til forsking av Anne Høigård, for å visa at ungane òg treng skriftsspråksstimulering i øyra sitt. Skriftsspråket har eit rikare ordforråd, er utan fyllord, og er klarare. Borna får meir avanserte grammatiske strukturar ved høgtlesing.

Eli Bjørhusdal. Foto: Noregs Mållag

På kva for skriftsspråk skal me lesa?

– Det er ikkje hipp som happ om det er nynorsk eller bokmål som blir lese høgt, understreka Eli Bjørhusdal i innlegget sitt.

Av barnebøkene som kjem ut kvart år, er nesten 90 prosent på bokmål, ifølgje Språkfakta 2015.

– Barn blir bada i bokmålsbøker, seier Bjørhusdal, som sjølv har erfart at bøker på bokmål blir lese opp på bokmål.

Motarbeider nynorsk språkstimulering

Og det er ikkje berre i bøkene bokmålet dominerer: Også dei pedagogiske tilboda på nettet på bokmål er stort sett berre å få tak i på bokmål.

– Eg vil kanskje seia det så sterkt – at mange av dei pakkane ein kan få kjøpt motarbeidar nynorsk språkstimulering i barnehagane, sa Eli Bjørhusdal i innlegget sitt.

Bokmålsdominansen fører til språkleg usikkerheit for borna. Dei meistrar morsmålet dårlegare og får ein svakare språkidentitet. Undersøkingar viser at kjensla av å ikkje få til nynorsk på ungdomsskulen og vidaregåande fører til språkskifte.

– Då har ein oppnådd det motsette av det som står i rammeplanen, poengterer Bjørhusdal.

Lærer opp barnehagelærarstudentar

Eli Bjørhusdal fortalde om korleis heiltidsstudentane på barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane jobbar med høgtlesing og språkstimulering.

Dei har høgtlesing av tekstar på nynorsk. Studentane får førebu spørsmål og tema til litterær samtale med ungane. Det er ikkje berre opplesing frå a til å, men studentane får beskjed om å stoppa og snakka med ungane dersom det er trong for det.

Studentane nyttar logg til å rapportera om planlegging og gjennomføring. Studentane trenar seg på høgtlesing og litterær samtale i grupper med rettleiing. Ei viss tilpassing til dialekt er ok, omsetjing av boka til munnleg bokmål er ikkje så ok, ifølgje Bjørhusdal.

Og bøkene må barnehagestudentane låna på biblioteket.

– Biblioteket er ein utruleg viktig ressurs, understrekar Bjørhusdal.

– Treng lovfesta rettar

Førsteamanuensisen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner det trengst større medvit i forskingsfeltet om at nynorsk språkstimulering er noko anna enn språkstimulering på bokmål.

– Det er trong for politiske reguleringar for nynorsk språkstimulering i barnehagen. Borna treng ikkje berre honnørord, men klare regulerte rettar, understrekar ho.

Bjørhusdal seier til Pirion at retten til nynorsk materiell i barnehagane bør lovfestast i Barnehagelova.

– Der finst det allereie ei understreking av språkrettane til samiske barn, og lova bør vera tydelegare på rettane for nynorske barn, slik til dømes Opplæringslova set krav til nynorske læremiddel.

Les innlegget til Eli Bjørhusdal: RETT TIL NYNORSK I BARNEHAGEN!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...