Heim Nyhende Norden-klang på Førdefestivalen

Norden-klang på Førdefestivalen

Eit stort fellesnordisk strykeorkester og spesialskriven musikk av fire nordiske komponistar blir hovudattraksjonen på Førdefestivalen i byrjinga av juli, som får «Klangen av Norden» som hovudtema.

Førti folkemusikarar, fire komponistar og åtte solistar frå heile Norden skal gjennom Nordic Sound Folk Orchestra løfte fram «solistiske tradisjonar i orkesterformat på folkemusikken sine premissar».

– Dette er ei av dei største prosjektsatsingane vi nokon gong har gjort, fortel festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Fire komponistar

	Jourun Marie Kvernberg er ein av fire nordiske folkemusikarar som skal komponere ny musikk for eit førti personar stort all-nordisk orkester, som bli hovudsatsinga under Førdefestivalen kommande sommar. FOTO: Marius Beck Dahle / FørdefestivalenDei fire komponistane som skal lage ny musikk til kjempeorkesteret, er Antti Järvelä frå Finland, Mia Marin frå Sverige, Harald Haugaard frå Danmark og Jorun Marie Kvernberg frå Noreg. Dei fire skal òg vere med som solistar i prosjektet saman med Olav Luksengård Mjelva, Berit Opheim, Olov Johansson, Ulla Pirttijärvi og Lena Willemark.

I spissen for det heile har Førdefestivalen sikra seg den svenske orkesterleiaren Karl-Johan Ankarblom, som lover ei heilt spesiell konsertoppleving.

– Vi seier ganske ofte at ein konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant. Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lykkast i å samle så mykje spisskompetanse innanfor den nordiske folkemusikktradisjonen på éi og same scene igjen, seier Ankarblom.

Norden og verdsmusikk

Kjempeorkesteret, som neste haust òg skal framføre den nye musikken på Riksscenen i Oslo, er sett saman av Gudbrandsdølenes spelemannslag med Aslak Brimi i spissen, Folk All-in Band, Baltic Crossing og Harald Haugaard kvintett. Dei skal òg halde eigne konsertar under festivalen.

Hilde Bjørkum lover at det òg blir musikk frå andre kantar av verda enn Norden.

– Vi vil presentere klangen av Norden anno 2017. Det inneber at den nordiske verdsmusikkscenen òg vil få sin plass i programmet. Og sjølv om festivalen har ei storsatsing på det nordiske, kjem ei rekke artistar frå andre delar av verda til å stå på scenen i Førde, også i 2017, seier Bjørkum.

Blant verdsmusikkartistane som er klare for Førdefestivalen til sommaren, er ComboNations, ei gruppe innvandrarmusikarar i Noreg leidd av norsk-iranaren Javid Afsari Rad.

Førdefestivalen skal elles i samarbeid med folkemusikkorganisasjonane og eksportkontora i dei nordiske landa lansere det nye varemerket Nordic Folk, som skal hjelpe nordiske folkemusikarar å profilere seg utanfor Norden. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...