Heim Nyhende Generalsekretæren i Høgre er Årets nynorskbrukar

Generalsekretæren i Høgre er Årets nynorskbrukar

Generalsekretæren i Høgre, John Ragnar Aarset, er kåra til Årets nynorskbrukar 2018 av Nynorsk kultursentrum. 

– Han får prisen for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Dette er overveldande! Berre det å vere tenkt på i denne samanhengen er stor stas, seier John-Ragnar Aarset i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

– Eg tok mine aktive val for nynorsk først som gymnasiast heime i Hallingdal, og vidare då eg blei leiar i Unge Høgre for 20 år sidan. For meg har det gamle slagordet om «Dialekt + nynorsk = sant» sidan vore heilt sant heile tida. Eg prøver etter fattig evne å motivere andre til den same erkjenninga og opplevinga, og denne prisen motiverer meg sterkt til å halde fram med det, seier den ferske prisvinnaren

Prisen er på 100.000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 7. juni. Aarset kjem til å gi prissummen til eit verdig føremål.

Bryt med språklege konvensjonar

45 år gamle Aarset kjem frå Geilo og har vore generalsekretær i Høgre sidan desember 2015. Han brukte bokmål i grunnskule og ungdomsskule på Geilo, men gjekk over til nynorsk på Hallingdal gymnas på Gol. I tidsrommet 2001–2008 hadde han ulike roller i stortingsgruppa til Høgre og fleire departement før han i fire år arbeidde i kommunikasjonsbyrået Gambit Hill+Knowlton.

Aarset var òg leiar i Unge Høgre 1998–2000 og landsstyremedlem i Norsk Målungdom 1992–1997. Han var styremedlem og varamedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2004–2012 og leiar same staden 2012–2013.

Det er 19. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Vurderte 47 kandidatar

Då styret i Nynorsk kultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 47 kandidatar å velje mellom, mot 38 i fjor. Aarset nyttar konsekvent nynorsk i brev, rundskriv og pressemeldingar ut til lokallaga i partiorganisasjonen og til alle slag norske medium. Det er første gongen nynorsk blir nytta i administrasjonen i det partiet som historisk har hatt størst avstand til nynorsk i språkpolitikken.

– Som mangeårig rådgivar for Erna Solberg slo han ikkje ein dag av lampa utan nynorsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Med sitt føredøme har han vore med på å bryte ned uvilje og fordomar mot nynorsk generelt og nynorsk som andrespråk. Aarset er ei viktig røyst i vår samtid og hevdar nynorsken godt som programsak og i levande praksis.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...