Heim Nyhende Vil halde på eldre litteratur- og språkhistorie

Vil halde på eldre litteratur- og språkhistorie

Eit svekkt norskfag kan gå ut over haldninga til framande kulturar. Slik argumenterer Norges Mållag i sitt forsvar for eldre litteratur- og språkhistorie.
 

– Vi står att med eit norskfag der elevar ikkje i det heile skal møte den rike, og verdskjende, litteraturarven frå norrøn tid.

Slik konkluderer Noregs Mållag i si høyringsfråsegn til det nye norskfaget. Dei meiner eldre litteratur- og språkhistorie har blitt systematisk svekkte i tidlegare læreplanrevisjonar, og at områda no er fullstendig ute av planen.

LES OGSÅ: Vil ha mindre idrett, norrønt og religionshistorie i norsk skule

Nytte og danning

Å lære arbeidsmetode er prioritert av gruppa som har utvikla kjerneelement til dei nye læreplanane. Omlegginga blir grunngjeven slik:

«Forslaget legger opp til at norskfaget i større grad enn tidligere er et fag der elevene kan finne ut av ting selv, eksperimentere og bruke sin nysgjerrighet. Ved å løfte fram mer utforskende og skapende metoder som fremmer motivasjon, elevdeltakelse og samhandling, vil norskfaget i større grad kunne bidra til å utvikle elevenes forståelse av sentrale begreper og sammenhenger i faget. Dette harmonerer med dybdelæringsprinsippet, som er en bærebjelke i fagfornyelsen.»

LES OGSÅ: – Læreplanen må slankast endå meir

– Det å «finne ut av ting selv», vert viktigare enn danningselementet av norskfaget. Å forstå og få tilgang til samfunnet og kulturen og halda seg kritisk til denne krev meir enn ein deltakande arbeidsmetode, norskfaget må òg tilby kunnskapsstoffet som hjelper elevane til å forstå «sentrale begreper og sammenhenger i faget», skriv Mållaget.

Organisasjonen meiner også at ei svekking av eldre litteratur- og språkhistorie stemmer dårleg med mål i det overordna kapitlet om identitet og kulturelt mangfald:

«Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig fellesskap. Innsikt i vår historie og kultur er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. Elevene skal lære å kjenne de verdiene og tradisjonene som bidrar til å samle menneskene i landet.»

Kulturkamp og inkludering

Til slutt peikar Mållaget på det dei meiner er ein feil premiss i verdigrunnlaget. Der står det at:

«I norskfaget står etnisk, kulturelt og språklig mangfold i et spenningsforhold til kulturarv og tradisjonell kultur.»

Mållaget meiner at ei slik formulering framstiller norsk kultur som noko varig, og noko som er felles for alle, i motsetnad til dagens situasjon der etnisk og kulturelt mangfald skapar eit spenningsforhold.

– I røynda er det slik at etnisk, kulturelt og språkleg mangfald har prega norsk kulturarv og tradisjonell kultur i over meir enn tusen år, skriv Mållaget.

Dei viser til spenningsforholdet mellom samisk- og norsktalande, dialektmanfaldet, konflikt mellom dansk skrift og norsk tale, og seinare mellom nynorsk og bokmål. Og peikar på at kunnskap om konflikt om kva som skal vere norsk kultur er avgjerande for å forstå norsk kulturarv, og også for forståing av andre kulturar:

– Om elevane lærer dei lange linjene, mellom anna med hjelp av eldre litteratur og historie, får dei eit perspektiv som kan gjere dei mindre redde for det nye og framande.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...