Heim Nyhende 4 av 5 lærarar slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk

4 av 5 lærarar slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk

Lærarar på nynorske skular blir tvungne til å bruka å bruka digitale læremiddel på bokmål. Av 104 appar i bruk på fire skular, er berre 15 tilgjengelege på nynorsk, viser ei ny undersøking.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Pirion og Framtida.no har undersøkt korleis det står til med språket på digitale læremiddel på barnetrinnet på nynorske skular.

Korleis opplever du det er å finna digitale læremiddel på nynorsk?

Mellom kontaktlærarane på barnetrinnet som bruker pc i undervisinga kvar veke, svarer 3 av 4 at dei bruker digitale ressursar på nett som berre finst på bokmål minst éin gong i veka eller oftare. I ei anna undersøking blant norsk- og samfunnsfagslærarar på ungdomsskulen er talet det same.

Og av lærarane på barnetrinnet er det 4 av 5 som synest det er ganske eller veldig vanskeleg å finna digitale læremiddel på nynorsk.

Kring 200 lærarar har svart på kvar av undersøkingane.

– Prøver så godt me kan

Skulen tar i bruk fleire og fleire digitale læremiddel. På Leirvik skule i Stord kommune, ein av dei største nynorskkommunane i landet, har alle andreklassingane no fått kvar sin chromebook.

– Det er gøy. Me har mange spel som me kan gå inn på heime. Me kan læra av å spela, seier Isak Tisthamar (7).

Lærar Linda Petterteig hjelper Tea Elise Magnussen med oppgåvene.

Når me er inne i timen har dei om husdyr og grønsaker. Etter at lærar Linda Petterteig er ferdig med å snakka, får elevane jobba på maskinane sine. Då bruker dei oppgåver på bokmål frå det digitale læreverket til Aschehoug, Lokus123.

– Dei har noko på nynorsk òg, men ikkje alt. Me prøver så godt det lar seg gjera å bruka læremiddel på nynorsk, seier Petterteig.

Ho har sjølv tatt kontakt med forlaget.

– Tavleboka me fekk frå dei som skulle vera på nynorsk, hadde mykje bokmål i seg, fortel ho, og legg til at fleire forlag har blitt flinkare i det siste.

Mållaget åtvarar

Noregs Mållag er uroa for det aukande omfanget av digitale læremiddel. Dei har utarbeidd ein rapport om situasjonen for digitale læremiddel på nynorsk som blir presentert på landsmøtet deira på Rauland no i helga.

Rapporten har sett på digitale læringsressursar som er i bruk på fire ulike skular i nynorskområde og undersøkt kor mange av dei som er på nynorsk.

Av 104 ulike appar, nettsider og andre læringsressursar som er i bruk på desse skulane er berre 15 tilgjengeleg i nynorskversjonar.

Av dei som finst på nynorsk, må elevane ofte aktivt velja nynorsk for å få opp tekst på nynorsk. Det er det ikkje alle som gjer. Mållaget meiner dette må følgja elevane, slik at dei slepp å aktivt velja nynorsk sjølv.

Lik rett til god språkopplæring

– Det er for ille og feil at titusenvis av elevar manglar læremiddel på eige språk. Eg meiner dette er eit lovbrot, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, startar kampanje for å få fleire digitale læremiddel på nynorsk. Foto: Noregs Mållag

Opplæringslova seier klart at digitale læremiddel òg er læremiddel, men Aasbrenn ønskjer likevel ei skjerping av lova slik at det ikkje blir tvil om at elevane skal ha lik rett til læremiddel til same pris til same tid.

Mållaget vil no setja i gang ein kampanje for å sikra at nynorskelevane i framtida skal ha eit læringsmiljø på det språket dei skal ha opplæring i.

– Nynorskelvane har lik rett til digtale læremiddel på nynorsk som bokmålselevane har. Stat og skuleeigar må sikra at opplæringlova er klokkeklar og at ho blir følgt. I tillegg må det koma ei stønadsordning som gjer at læremiddel på nynorsk blir utvikla.

Fredag kveld kjem kunnskapsminister Jan Tore Sanner til landsmøtet, og ha vil då bli utfordra på kva han vil gjera med saka.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...